Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er ein krevjande roman. Handlinga er ikkje kronologisk, noko som gjer at ho tidvis er vanskeleg å forstå og følgje for lesaren, spesielt i byrjinga. Forfattaren konsentrerer seg om små og store augneblikk. Nokre hendingar er spennande og drivande, andre banale og uforståelege.

Familien får stor plass i boka, og desse hendingane er nok òg dei enklaste å forstå. Aksel har ein son, Tomas, eit resultat av ein one-night-stand på byen ein kveld. Sonen er 2000-årsbarn og lesaren blir teke med på fødselen hans. Far og son har eit spesielt forhold som blir realistisk og fint skildra gjennom heile boka. Aksel mistar også mora si, fordi ho gjer sjølvmord når Aksel er seksogtjue. Kvifor mora tek livet av seg kjem ikkje fram, derimot er Aksel si fortviling lett å spore. Han vil ikkje reagere, vil gløyme det, men mora kjem stadig tilbake til han i tankane.

Derimot finst det andre hendingar som ikkje heng på greip. Aksel ser til dømes ei amerikansk dame som tissar på seg, og han undrar seg svært over dette. Ein annan gong ventar han på ein kompis fordi dei skal gå på kino. Men kompisen kjem ikkje, og Aksel går ikkje på kino likevel. Det er særs mange hendingar som tek stor plass utan å ha ei openberr tyding anna enn at Aksel har opplevd mykje underleg og at han kanskje er litt sinnsforvirra? Her er det nok avgjerande kven som er lesaren. Ein røynd lesar vil kanskje umiddelbart forstå kva forfattaren hintar til, andre vil sitje som levande spørjeteikn. Forstår ein ikkje, blir ofte mykje av lesargleda øydelagd. Smarte og fikse historier blir diverre ikkje like gode når lesaren ikkje skjønar.

Språket er noko ein legg særs merke til i denne romanen. Smith meistrar kunsten å gjere lure omskrivingar, men ofte blir det nesten litt for mykje av det gode. ”Ei undersøking gjennomført av landets største private gallupbyrå for landets største reklamefinansierte TV-kanal og landets største avis” (side 101) er berre eit av utallige eksempel. Korte setningar dominerer, der dei stykkar opp teksten, lagar ro og rom for å fundere. Ofte finn ein ei ramse forklarande ord etter kvarandre, nokre gonger gir dei meining, andre gonger ikkje. Parentesar blir òg mykje brukt, og innhaldet der skal forklare, ofte med detaljar som eigentleg ikkje er så viktige, men dei utfyller. Dessutan har forfattaren eit behov for å definere ein god del ord, for plutseleg kan det dukke opp ei ordforklaring midt i historia. Den engelske definisjonen på det å ”fascinere” finn me til dømes når Aksel er saman med sonen Tomas, for Tomas er visstnok tydeleg fascinert av faren sin (side 83). Det er kan hende helst hovudpersonen sjølv som treng definisjonane. Han treng noko å halde fast ved, fordi alt anna i livet hans ikkje er heilt som det skal. Uansett grunn er desse definisjonane med på å gi språket i romanen ein eigen vri.

Når det gjeld verdiar og moral, kan denne boka ha mykje på agendaen. Dette er ei bok skrive i 2007, og ho er prega av det. For dette er ei bok om den moderne familien med alenepappaer, avanserte og hjartelause terroråtak, fundamentalistar, narkomane og slappe studentar. Det er muleg at forfattaren vil ha fram den nærmast sjukelege frykta me har for terrorisme, og at me bør passe oss for stigmatiseringa. Det finst veldig få fundamentalistar i verda, men fordi dei får så mykje merksemd, kan det verke som om dei finst rundt kvart eit gatehjørne. Familie er òg viktig, me skal aldri gløyme kor me kjem frå, for det tyder mykje for kven me voks opp til å bli. Men først og fremst trur eg forfattaren er oppteken av å fortelje ei historie, ikkje å undervise lesaren i verdiar og moral.

Manhattan Skyline er ikkje heilt lett å bli klok på. Ho er ei god historie om relasjonar innan familien, og språket er kreativt og har ein eigen vri. Problemet er vel heller at ho tidvis er vanskeleg og krevjande å forstå, både fordi alle historiene ikkje heng på greip og fordi ho ikkje er kronologisk. Dette er sikkert ei interessant bok for dei som verkeleg forstår alt Smith skriv, men for dei mindre drivne blir nok dette litt for smalt. Det skal vere kjekt å lese, men denne boka lèt lesaren undre seg meir enn å underhalde. Klart at romanar òg bør ha ei djupare meining, men då er det trass alt ein fordel at lesaren faktisk forstår. Eller kan hende var det ikkje meininga at me skulle forstå noko?