Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Daniel og faren har flytta til ei bygd etter at Daniel si mor døydde. Det er ikkje så lett for Daniel å få vener på den nye plassen, sjølv ikkje etter at dei har budd i bygda i over tre år. Han blir fyrst oversett av medelevane, men ein ny gut som startar i klassa finn fort ut at han kan gjere seg populær ved trykkje ned Daniel. Etter dette blir mobbinga meir alvorleg. Men faren til Daniel meiner at det ikkje er uvanleg.

– Det kjem vel med tida, seier han til Daniel sin lærer.

Og han minner om at Daniel har fiolinen sin. Etter ei sjelsetjande konsertoppleving som åtteåring har fiolinen blitt det viktigaste i Daniel sitt liv. Faren ordnar ein avtale med ein gammal fiolinmeister som bur i bygda, Bård Skihus. Skihus er så gammal at han knapt kan gå, men han seier seg villig til å bli Daniel sin fiolinlærar. Sakte men sikkert utviklar dei to eit nært forhold, og Daniel har mykje å lære frå den gamle, både om musikk, livet og ikkje minst deira store felles lidenskap: musikk.

– Musikk er ikkje berre musikk. (…) Musikken kan også forplante seg over i alt vi er. Musikk er lufta vi pustar i, det er maten vi et, det er det vi drikk. (…) Og like fullt; Musikk er berre musikk. Du kan ikkje bruke det til noko anna. Til sjuande og sist.

Skihus ynskjer ikkje å lære Daniel notar; han vil lære han å spele. Det går så godt at dei saman planlegg ein konsert i kyrkja siste søndag før jul. Diverre går det ikkje slik som dei har planlagt, trass i at dei får god hjelp til å førebu seg frå nye vener. Og trass i at den store kjærleiken vender tilbake.

Forfattaren Laura Djupvik er journalist og forfattar, og debuterte i 2004 med boka Båten er så liten. Med debuten markerte ho seg som ein god forteljar, men boka blei ikkje av dei mest omtala det året. Hundre appelsinar og ein fiolin som kom i 2007 har blitt betre mottatt, og det kan ein godt forstå.

Historia om Daniel og fiolinlæraren hans er fin. Forfattaren meistrar langt på veg å ta for seg alvorlege tema sett med barns auge utan å gje den vaksne forfattarstemma for stor plass. Alvoret kjem fram gjennom ein barnleg naivitet som forsterkar det såre i historia om venelause Daniel. Ei barnleg forteljarstemme er også med på å gje gode miljøskildringar,og støtter inntrykket av historia som lite sjølvhøgtideleg– ein særs god eigenskap for forfattarar av barne- og ungdomslitteratur.

Utfordringa til Djupvik er å finne ein god balanse mellom alvor, truverde og underhaldning. Ho legg historia på ei linje som kan minne om teiknefilm. Her er korte kapittel, nokre einskilde karakterar, og til dels overdrivne og usannsynlege hendingar, som til dømes når faren til Daniel dreg sonen på åtte år med seg i musikkbutikk for å kjøpe fiolin med alt av tilbehøyr til han same dag som guten har ytra eit ynskje om å spele fiolin. Ein «teiknefilmstil» er ikkje udelt negativ. Eg let meg underhalde og må innrømme at det ikkje tok mange timane før boka var lest frå eg begynte. Men når historia er fordøydd, kan ein vere noko usikker på om ein har lese ei underhaldande bok med såre undertonar, eller ei sår bok med underhaldande undertonar. Kan hende er ei slik usikkerheit forfattaren sin intensjon, men om boka skulle stått fram som sterk i tillegg til fin, måtte ein slik intensjon ha kome betre fram.

Men det er mykje bra med andreboka til Djupvik. Det beste er at ho fortel om ein ung gut sitt liv utan å grave seg ned i klisjear, og at ho unnlèt å presentere ei løysing på alle Daniel sine problem i ein lukkeleg slutt. Dette gjer Hundre appelsinar og ein fiolin til ei bok med meir verkeleg alvor som passar ungdom så vel som barn.