Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

En lang natt på jorden går føre seg i Tyskland, landet forfattaren sjølv har eit nært forhold til etter å ha budd der i omkring 25 år. Hovudpersonen, Claes Otto Gedde, er ein avdanka journalist på seksti som til fånyttes kjem til Frankfurt for å få merksemd rundt si siste bok, kokeboka «Det gamle belgiske kjøkken». Gedde opplever her eit personleg nederlag og blir dømd til å sjå sitt eige forfall på nært hald når han blir audmjuka på bokmessa i Frankfurt. Gedde vel difor å reise til storbyen Berlin for å finne fred. Stemninga i opninga er lystig og ein kan ofte le av alt som oppstår undervegs i dei første kapitla, der Ambjørnsen harselerer uhemma over den norske forlagsbransjen og fleire sentrale personar i norsk kulturliv får gjennomgå.

Berlin

Grunntona i boka er likevel dyster. Etter at Gedde kjem til Berlin, kranglar han til seg eit husly etter ei nyleg avdød venninne. Men i staden for å gi ly for omverda, utartar leilegheita seg til å bli eit livleg kollektiv beståande av ei aldrande «storhore», ein kunstnarisk tannlege og to villfarne utanrikskorrespondentar, samd Gedde sjølv. Historia om samlivet i Berlin er morosam med alle dei elleville karakterane. Ambjørnsen er også dyktig i sine skildringar av forfall, alkoholisme og menneskeleg kynisme, samd i biletet av den einsame mannen Gedde som ser tilbake på sitt eige liv.

Tankespinn

En lang natt på jorden er på fleire vis annleis enn Ambjørnsens tidlegare bøker. Boka har lange setningar og utførlege tankeskildringar og dette kan gjere den litt tyngre å lese. Romanen blir litt stilleståande med sine monologar og stadige tankestraumar. Gedde skildrast også som ein tidvis kynisk karakter, og det er ikkje like enkelt å føle sympati med han, slik ein gjer med ein hovudperson som Elling. Samstundes som melankolien i boka opnar for fine parti, gir Ambjørnsen også slepp på litt av drivet som har kjenneteikna mange av hans litterære verk. Det er ikkje ofte hovudrolla i En lang natt på jorden førar ein samtale, det meste av boka føregår inne i Geddes hovud. Men det er dessverre i dei situasjonane som inneheld samtaler at boka blir underhaldande og god.

Samansmeltinga av melankoli og satire gjer boka både komisk og tragisk, den er smakfull og typisk for vår tid. Ambjørnsen har også skrive ei brukbar historie, men den krev litt av lesaren. En lang natt på jorden manglar kanskje ei meir utprega handling for å plassere seg blant dei ypparste i Ambjørnsens forfattarskap. Du bør lese boka om du er ein stor beundrar av Ambjørnsen og om du liker blandinga mellom det litt såre og humoristiske. Elles kan nokon av dei andre bøkane Ambjørnsen har skrive vere eit betre alternativ.