Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

endre lund eriksen

Endre Lund Eriksen

Det er kanskje ikkje det beste utgangspunktet for ei bok: Forfattar Endre Lund Eriksen, med publikums- og kritikarfavorittar som «En terrorist i senga» og Pitbull-Terje-bøkene på merittlista, blir kontakta av Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek. Dei ønskjer seg ei bok med ein blind hovudperson, og vil at Lund Eriksen skal skrive den.
Super bokomslag

Bok: Super Forfattar: Endre Lund Eriksen Aschehoug forlag, 2009

Forfattaren skal ha skryt for måten han har løyst oppgåva på. For «Super» har ikkje blitt ei bok for blinde, men ei bok for alle ungdommar som har lyst til å drøyme seg vekk i eventyr og spenning.

Sommaren er planlagt. Julie skal på blindeleir, i år som i fjor, medan mamma og pappa reiser på romantisk sydentur. Men medan foreldra rotar rundt etter pass og pakkar koffertar, lurer Julie dei til å tru at leiravreisa har blitt utsett. Dermed må dei reise frå ho, og Julie kan sette ein utstudert plan ut i livet: Ho skal vere heime aleine i ei veke, og i løpet av den veka skal ho bli alt det ho ikkje før har vore. Ho skal ikkje lenger sitte heime på fredagskveldane og ete chips og sjå «Beat for beat».

Derimot skal ho drikke seg full for første gong, køyre bil, få tatovering, kysse og få seg kjærast. Blant anna. Og då Julie seint ein kveld høyrer den nyinnflytta naboguten Jomar synge «I like you so much better when you’re naked» frå den andre sida av baderomsveggen, har ho fått eit mål å strekke seg etter.

Men Jomar skjuler noko for ho. Han låner Julie sin pc for å lese om knivstikkinga på ein ungdomsinstitusjon i nærleiken. Knivstikkaren, som sjølv har rømd frå institusjonen, er på frifot. Har det noko med Jomar å gjere?

Fleire gongar medan eg las boka tok eg meg sjølv i å undrast over kvifor grepet med ein blind hovudperson ikkje brukast oftare i spenningsbøker. At Julie ikkje kan sjå, gjer handlinga både mykje meir komplisert og mykje meir spennande. For korleis skal Julie vite kven det er som følgjer etter ho om kvelden, eller kor langt unna han er når ho skal låse opp inngangsdøra heime?

Og når ho ikkje eingong veit korleis Jomar ser ut, eller om han faktisk heiter Jomar, korleis kan ho vere sikker på at han er den han utgjer seg for å vere?

Gjennom sine tidlegare bøker har Endre Lund Eriksen gjort det til eit slags varemerke å stå på dei svake si side, og la dei kjempe mot overmakta med dei avgrensa ressursane dei har tilgjengeleg. Overvektige Pitbull-Terje som sloss mot barnevernet og seier «Jævla barnevernfitte, du skal dø» fekk foreldre i Kristiansand til å krevje at boka skulle trekkast tilbake frå skulebiblioteka.

Også i «Super» brukar forfattaren eit friskt språk, og han tek meir omsyn til ungdommen sjølv enn til eventuelle tvilande foreldre når han bestemmer handlinga i boka. For det er den mest sjølvsagte tingen i verda at 15 år gamle Julie har fantastisk sex med Jomar. Kanskje ikkje særleg truverdig, men absolutt lesverdig.

Samtidig har Lund Eriksen skapt ein hovudperson som er herlig sjølvironisk, og som stadig har tankesprang det er morosamt å følgje med på. Som då Julie angrar på at ho har ringt til blindeleiren og sagt at ho er sjuk og ikkje kan komme, og etterpå ser for seg at ho kjem til å gå glipp av tidenes sommarleir.

Ho fantaserer om at dei andre har slutta å leike barnslege selskapsleikar, og at ho kjem til å gå glipp av å møte ein «ny gutt. En innvandrer eller noe sånt. En som faktisk er kjekk. En som ikke lukter svette og dårlig ånde og er så tjukk at det høres på stemmen. En som er morsom, kul og som har hatt minst én kjæreste. Som ikke er blind. Ikke svaksynt engang.»

Eg trur på Julie, både som blind, som 15-åring med opprørstrong og som blindt forelska. Samtidig les eg «Super» som ei bok som ikkje skal takast for seriøst. Handlinga er for enkel til at den opplevast som realistisk, og sjølv om Julie framstår som truverdig nok, undrast eg over at ei såpass ressurssterk jente går i klisjéfella og forelskar seg i problemguten på naboverandaen.

Men sidan boka er gjennomsyra av ei gje-faen-haldning, både gjennom hovudpersonens karakter og det uanstrengte forteljardrivet, godtek eg at handlinga er både enkel og klisjéfylt.

Lund Eriksen har ikkje levert stor forteljarkunst i «Super». Men han har levert ei spenningsbok der han tek behovet for å bli underhaldt på alvor. Og han underheld med glans.