Overlevande og etterlatne får sjå Utøya-film først
Overlevande og etterlatne er dei første som får sjå Erik Poppes film om terroren på Utøya. Legar og psykologar vil vere til stades på dei lukka visingane.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det opplyser Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli til NRK.
– Dei ramma som ønsker å sjå filmen, skal få gjere det i trygge omgivnadar. Vi trur mange vil få reaksjonar når dei ser filmen, derfor er det nødvendig å ha helsepersonell til stades, seier Olga Goldfain, som er leiar for gruppa i Troms og Finnmark.
Dei lukka visingane vil bli haldne over heile landet før premieren 9. mars.
Spelefilm med fiktiv karakter
Støttegruppa arrangerer visingane i samarbeid med Poppes produksjonsselskap Paradox, Røde Kors og Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.
Det var i juni 2017 det vart kjent at Poppe var i gang med ein spelefilm om 22. juli. Filmen fortel om det som skjedde på Utøya, sett gjennom auga på ein fiktiv karakter, ifølgje NRK. Filmen får 18-årsgrense, etter det kringkastaren kjenner til.