Nominerte til Uprisen 2018
Ungdomsskoleelevar har skrive over 1.000 meldingar av norske ungdomsromanar gitt ut i 2017. No er fem titlar klare for finalerunden.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her er dei nominerte bøkene til Uprisen – årets ungdomsbok:
Lydighetsprøven av Bjørn Ingvaldsen (Gyldendal)
Baksiden av Endre Lund Eriksen (Aschehoug)
Kan vi bare late som av Camilla Helene Sandmo (Vigmostad & Bjørke)
Killerinstinkt av Thomas Enger (Kagge)
Hevner av Ingelin Røssland (Mangschou)
Nominasjonsjuryen har bestått av Stine Haakenstad, Harestua skole (Oppland), Heine Aasgard Tveranger, Sandnes skule (Hordaland), Boldizsar Kun, Luster ungdomsskule (Sogn og Fjordane), Alba Kibar Andresen, Fagerborg skole (Oslo) og Alma Wæge Akerlie, Marienlyst skole (Oslo). Juryen har lest og vurdert meldingane på uprisen.no og på bakgrunn av dei diskutert seg fram til dei fem nominerte bøkene.
– Det gjekk greitt å bli einige om nominasjonane. Vi har komme fram til eit breitt og godt utval. Det var mange bøker rett bak desse fem, men vi trur dette er bøker som vil engasjere juryklassene, seier nominasjonsjuryen.
Sju juryklasser frå ulike fylke skal no i gang med å lese dei fem nominerte bøkene. Vinnaren blir kåra under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer i slutten av mai. Uprisen har sidan starten i 2007 utvikla seg til å bli ein av landets viktigaste prisar for ungdomslitteratur. Prosjektleiar for Uprisen i Foreningen !les, Bjarte Bakken, synest nominasjonane er interessante.
– Dette er eit variert utval, og det er gledeleg at bøker frå fem forskjellige forlag er nominert. Det blir tydeligvis gjort ein god jobb med ungdomsbøker i forlaga. Det er også interessant at verken fantasy- eller dystopisjangeren er representert. Blant dei nominerte finn vi ulike spenningsbøker, kjærleik og triste historier. Vi er spente på korleis bøkene blir mottatt av juryklassene, sier han.
Juryklassene er:
Raufoss ungdomsskole (Oppland)
Tynset ungdomsskole (Hedmark)
Lyngdal ungdomsskole (Vest-Agder)
Ørland ungdomsskole (Sør-Trøndelag)
Eid ungdomsskule (Sogn og Fjordane)
Rygge ungdomsskole (Østfold)
Bjørnevatn skole (Finnmark)