Det kan bli Mission Impossible-premiere på Preikestolen
Den nye Mission Impossible-filmen, nummer 6 i rekka, har premiere i slutten av juli. No tar lokale krefter i Ryfylke til orde for å ha verdspremieren på Preikestol-platået.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er kinosjefen i Strand kommune i Ryfylke som har teke initiativ til tilstellinga.
– Vi håpar å få til ein utekino med superproft utstyr oppe på sjølve preikestolplatået. Det vil gi oss merksemd ikkje berre i Noreg, men i heile verda. Kanskje Tom Cruise, regissøren og dei andre skodespelarane også vil komma, seier kinosjef Roger Nybroen til NRK.
Også Dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, Audun Rake, er positiv til initiativet.
– Dette er ei fantastisk moglegheit til å vise fram Preikestolen. Eg håpar også dei som styrer med dette ser på dette som ei spanande moglegheit, seier han til statskanalen.
Tom Cruise spelte inn scener på Preikestolen
Det er det amerikanske filmselskapet Paramount som produserer «Mission Impossible 6». United international pictures (UIP) Norge skal distribuere filmen i Noreg. Også dei er positive til framlegget frå kinosjefen i Strand.
– Vi er positive til forslaget, men må undersøkje sjansane for å få dette til, blant anna med Paramount, seier salssjef Kennet Jønsson i UIP Norge til NRK.
Det var i november i fjor at Paramount og verdsstjerna Tom Cruise var på Preikestolen for å spele inn scener til den nye filmen.