Alexander (17) har eit kjæledyr utanom det vanlege

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka blei først publisert på Porten.no!

Alexander Nesse frå Årdalstangen har ein kongepyton i heimen; noko som først blei lovleg i Noreg i august 2017.

– Eg har vel eigentleg alltid hatt lyst på ein slange. Reptilar er fascinerande dyr.

KONGEPYTON: Kongepytonen er ein kvelarslange, og Nesse fortel at denne ikkje er giftig. Foto: privat.

Nesse fortel vidare at kvardagen med ein slange ikkje er mykje anleis enn før, men at det likevel er mykje å passe på.

– Slangar lever i noko som blir kalla eit terrarie. Det er mange eg har snakka med som trur dei går laust, men det er heilt feil. Elles må eg passe på at dei har reint vatn, same som med hundar eigentleg. Mating skjer ein gong i veka, og sidan slangen et gnagarar, matar eg min med rotter.

– Det er også mange som stoppar meg og spør korleis det går med “monsteret”, legg han til.

Nesse har også ein hund i heimen sin, men meiner at å ha både hund og slange under same tak ikkje treng å vere eit problem.

– Så lenge ein held slangen vekke frå hunden. Elles kan hunden ta livet av slangen.

– Mykje ein må ta fatt i

Nesse fortel at det er mykje ein bør tenkje over før ein skaffar seg ein slange.

HER OPPHELD SLANGEN SEG: Nesse fortel at eit terrarium er “eit akvarium med skyvedører”. – Den må blant anna ha ei varm og ei kald side, bunnsubstrat, holer slangen kan gøyme seg i og ei vasskål. Foto: privat.

– Om ein vil ha ein slange er kunnskap veldig viktig. Eg leste meg opp i fleire månadar om den slangen eg skulle få meg. Hygiene er viktig, ettersom at slangar kan bere på ein sjukdom som heiter salmonella. Denne kan smittast over på menneske.

Han fortel at han vil anbefale andre å ha slange som kjæledyr, så sant ein set seg inn i korleis det er å ha eit slikt dyr.

– Viss ikkje, bør ein skaffe seg noko anna. Ein må også ta hensyn til at slangar kan leve ganske lenge, alt frå 20 til 40 år. Det er mykje ein må ta fatt i, avsluttar han.