Typisk norsk å vera påverka av andre

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 08.01.2018 10:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

EU har bestemt at 2018 skal vera det europeiske året for kulturarv. Den norske satsinga er samanfatta i overskrifta “Typisk norsk – ikke bare norsk”. Eit viktig mål er å visa at norsk kulturarv har blitt til og framleis blir til i møte med kulturar både frå Europa og andre deler av verda.

– Ingenting av det vi kallar norsk er berre norsk. Alt er påverka av andre kulturar, seier prosjektleiar for den norske markeringa av Det europeiske kulturarvåret 2018, Trine Melgård.

Alle bibliotek på vidaregåande skular får tilsendt plakatar om kva det vil seia å vera norsk.

Borgund stavkyrkje innvendig.

Stavkyrkjer med romersk preg

Gjennom året vil Arkivverket, Kulturrådet, Nasjonalbiblioteket, Riksantikvaren og Kulturvernforbundet rulla ut ei rekkje døme på det som gjerne blir oppfatta som typisk norsk – men som eigentleg er sterkt påverka av andre kulturar.

– Ta til dømes stavkyrkjene. Dei blir gjerne oppfatta som typisk norske bygg, men dei har både ulike ornament og andre typiske element som slett ikkje kjem frå den norske kulturen, seier Melgård.

Borgund stavkyrkje i Lærdal er til dømes dekorert med kjende motiv frå romersk steinarkitektur, og ein finn att dei same motiva i fleire andre europeiske steinkyrkjer og katedralar.

Riksløva

UNORSK LØVE: Kvifor ei muskuløs løve erstatta norske fuglar og dyr i norske våpenskjold og blei ein del av det norske riksvåpenet er det ingen som veit, men typisk norsk er løva ikkje.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Løve, risgraut og klippfisk

Den muskuløse løva i riksvåpenet vårt er heller ikkje typisk norsk. Løva har likevel vore ein del av det norske riksvåpenet sidan 1844, og kong Sverre brukte ei løve i våpenskjoldet sitt allereie på slutten av 1100-talet. Men før den tid var det vanleg å bruka norske dyr og fuglar i våpenskjoldet. Korleis den unorske løva dukka opp, er det ingen som veit.

– Risgrynsgraut er eit tredje døme på noko som gjerne blir oppfatta som typisk norsk, men verken ris, kanel eller sukker stammar frå norsk landbruk, peikar Melgård på.

Klippfisk

KLIPPFISK-PÅVERKNAD: Det er ikkje berre norsk kulturarv som har blitt påverka utanfrå. Norsk klippfisk er til dømes den viktigaste ingrediensen i bacalaoen i Portugal.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Samtidig legg ho til at den kulturelle påverknaden ikkje berre har gått ein veg. Gjennom handel med utlandet har norske handelsvarer også påverka europeisk tradisjon.

– Norsk klippfisk er til dømes hovudingrediens i bacalao i Portugal, seier Melgård.

Ho fortel at kulturarvåret til våren planlegg eit eige tema om korleis handel til og frå Noreg har påverka kulturarven i ulike land.

Til hausten set kulturarvåret søkjelys på innvandring til Noreg dei siste hundre åra. 11. november er det dessutan planlagt ei større markering over heile Europa av at det i år er 100 år sidan første verdskrigen var slutt.

(©NPK)