Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«V for vendetta» kunne ha blitt ein fantastisk film. Diverre blir det for pompøst og til tider klisjéaktig.

Kvart år blir det sett nye fartsrekordar på denne sanddyna. Å få kome hit er den store draumen til pensjonisten Burt Munro, spela av Anthony Hopkins (68). Opp gjennom livet sitt har han dominert motorsporten i New Zealand, sett nasjonale rekordar og fått seg eit namn, men no byrjar han å bli gamal.

Ein har absolutt lov til å ha store forventningar til «V for vendetta». Først og fremst er filmen basert på Alan Moore og David Lloyds teikneserie med same namn. I hovudrollene finn vi Natalie Portman («Closer», «Star Wars» og «Leon») og Hugo Weaving (som agent Smith i «The Matrix»). I tillegg er manuset skrive av Wachowski-brørne, som stod bak «The Matrix»-trilogien. Diverre oppdagar ein i «V for vendetta» at Wachowski-brørne framleis slit med det som også var den store svakheita i dei to siste «Matrix»-filmane: Det blir for pompøst. For «V for vendetta» har eit godt utgangspunkt, ideen er flott, men filmskaparane blir kanskje for ivrige: Til slutt lesser dei på med alt dei har, utan å vere kritiske og økonomiske med ord og verkemidlar.

Handlinga går føre seg i England i framtida. Menneska har kome på ville vegar. Frykt for terrorhandlingar gjer at folket søker etter ein sterk leiar, noe som fører til diktatur. Strenge reglar må følgjast, deriblant portforbod etter eit visst klokkeslett på kveldane. Landets TV-selskap sender ut propaganda og fiktive nyhende, og det er sensur over heile linja. Det blir trekt paralellar til Hitler og Nazi-Tyskland, og sjølve ideen, sjølve historia, er god og svært interessant. For dette er noe som verkeleg kan hende. Undervegs blir det peika tilbake til terrorhandlingar i USA og England, ting har hendt i røynda, og det heile kjennast ekte og truverdig.

At det skal kome ein frelsar, ein som skal ta hemn, er sjølvsagt. Dette er ikkje truverdig, ikkje bokstaveleg tala, men vi elskar slikt i ein film. Den maskerte V symboliserer ein bibelsk frelsar, men handlar heilt annleis enn det Jesus ville ha gjort: V vil ha hemn. Han drep med kaldt blod, men han gjer det for å befri folket, som er blitt paralysert av diktaturet. V har sjølvsagt ei grusom historie, som gjer han kapabel til å utføre handlingane sine. Og undervegs, ganske tilfeldig, dumpar han borti unge Evey, spela av Natalie Portman. Ho blir fascinert av denne maskerte riddaren.

Bruk av maske, skjult identitet, overmenneskelegheit og heltemodige inngrep, blanda med mystikk og ting som har skjedd i røynda, er både fiffig og underhaldande. Filmen er på god veg til å bli ein fantastisk film, men på eit eller anna tidspunkt har filmskaparane sett seg blinde: Ord- og symbolbruken blir for massiv, og vi blir påført mengde med inntrykk, som ikkje gjer filmen bra. Her burde det blitt stramma inn litt. Det kan bli for mykje av det ein kallar pisspreik, viss ein kan skrive det ei filmmelding. Men «V for vendetta» er eit underhaldande verk, og ikkje så skummel at han fortener 15 års grense, sjølv om det er einskilde valdsscener som er litt sterke.