Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Det var på den tiden hun begynte å komme oftere. Om kvelden, like før jeg skulle legge meg. Hun satte seg ned og pratet. Alltid om hvor glad hun var i stillhet, om hvor godt det er bare å være alene. Pratet og ble aldri ferdig.» (Erlend Loe)

Slik byrjar Petter Næss si kritikerroste filmatisering av Erlend Loes debutroman Tatt av kvinnen. Vi ser ein taus mann og ei pratsam kvinne og deira forflytting omkring i leilegheita hans. Det er tankane hans vi høyrer på lydsporet, som er  direkte sitat frå romanen. Den namnlause mannen ”Han” (Trond Fausa Aurvåg) har tydeligvis fått seg kjærast. Utan at han heilt skjøner  korleis det gjekk til.

Tatt av kvinnen syner korleis møtet med Marianne (Marian Saastad Ottesen), ei kvinne med tydelig vilje og handlekraft, verkar inn på livet til den heller tafatte, ”Han”. Marianne flyttar inn og tek med seg ein håplaus gul og tung kommode som vert sjølve biletet på korleis ho set sitt preg på livet hans. Kommoden passar ikkje inn og er umogleg å rikke.  Dei to forsøker å vere i eit kjærleiksforhold, men utfordringane står i kø: Ein vondskapsfull far, julehøgtid, intuitiv interrail og flytteplanar.

Medan Han verken har planar eller tydelege ynskjer, har Marianne alt dette, samstundes som ho syner sterke kjensler, på godt og vondt. Den unge mannen er uvitande om kjærleikens språk og reglar, men innrettar seg så godt han kan i pardansen med den markante kvinna.

Fridomen finn Han i symjehallen. Han stuper fri som fuglen og sym med hovudet under vatn. I badstova opplev han eit taust, maskulint fellesskap, medan den faderlege og mandige svorsken (Peter Stormare) praktisk talt tek Han på fanget og fortel om kjærleikens lover. Men trass i utfordringane tek Han endeleg ei avgjerd i livet: Å bli hemningslaus forelska i Marianne.

Frå bok til film
Om ein film basert på litteratur (såkalla adaptasjon) skal bli god, er det viktig at filmskaparen våger å lausrive seg frå originalteksten. Filmen må finne sin eigen stil ved hjelp av dei filmatiske verkemidla, som skodespel, foto, klipp og lyd. Næss og Johan Bogaeus (manus) har teke seg friheiter i Tatt av kvinnen, samstundes som den surrealistiske tonen frå romanen pregar filmen: Karakterane er parodierte og replikkane deira er stiliserte, ofte direkte sitat frå boka. Bileta er kunstferdige og miljøskildringane syner få teikn på realisme. Filmen har dessutan tilpassa seg komedieformatet og vel seg ein annan slutt enn i romanen.

Tafatt mann, sterk kvinne?
Regissør Petter Næss har laga ein komedie med ein velkjend tematikk. Sjølv seier regissøren han har laga ein film om kommunikasjonsvanskar og om kor sårbart eit kjærleiksforhold kan vere. Særlig om det er den eine i forholdet som sit på definisjonsmakta.  Filmens surrealistiske uttrykk gjer tematikken tydelegare og set problematikkane på spissen. Samstundes gjer komikken det heile noko ufarleg: Dei to hovudkarakterane står fram som vel parodiske, og sjølv om kvinna er den som handlar og tek initiativ, er det samstundes lettare å få sympati for mannen. Han står fram som uklanderleg i all si maktesløyse, medan Marianne står fram meir irrasjonell og tidvis djupt egoistisk i all si intensitet.
Dette gjer Tatt av kvinnen noko problematisk. Filmen er tilnærma eit treffande portrett av korleis eit kjærleiksforhold kan bli ein kamp der ein snakkar forbi og ikkje til kvarandre. Samstundes er det noko urovekkande at denne målretta og djupt levande Marianne er skildra med halvhysteriske eigenskapar, noko som gjer ho lite eigna for ein lukkeleg slutt saman med Han. I Noreg har vi ein pågåande debatt om kjønnsroller på film, då kvinnelege protagonistar nærast er fråverande.

Og kvinnerolla er også Tatt av kvinnen si svakheit. Marianne har som i så mange andre  filmar ein viktig funksjon: Å vekke den tafatte mannen. Og medan Han, delvis på grunn av Marianne, gjennomgår ei utvikling som gjev hans skjebne ei lukkelig ende, er ikkje denne tilskrive Marianne i filmversjonen.

Tatt av kvinnen er morosam og tidvis treffande, med eit skodespel som gjev filmen varme. Filmen er dessutan filmestetisk uklanderleg, og stilen gjev han eit universelt preg som truleg kan begeistre eit internasjonalt publikum. Filmen er allereie plukka ut til å vere Noregs Oscarkandiat til prisen for beste framandspråklege film, og  han har vunne prisen “Gledessprederen” under Den norske filmfestivalen i Haugesund i år.

Eg voner Tatt av kvinnen får merksemda den fortener. Samstundes bør filmen vekke engasjement og fruktbare samtalar korleis stereotypiar og klisjear hindrar god kommunikasjon. På film og i sjølve livet.