Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjer om kvinnene på jorda blir sterile og mennesket døyr ut? Svaret finn du i storfilmen «Menneskenes barn».

Året er 2027 og verdas yngste person er død, nesten 19 år gamal. Menneska sørgjer og skjønar at slutten nærmar seg: I 19 år har kvinnene på jordkloten vore ufruktbare. Ingen veit kvifor, men plutselig var gatene tomme for barn, skulane blei nedlagte, barnelatter og barnesmil borte vekk, og tilbake sto ei kald og kynisk verd, fylt med terrorisme og konfliktar.

Einaste trygge stad i verda er Storbritannia. Dit strøymer endelause rekkjer med illegale flyktningar, som blir handsama både brutalt og kaldt av myndigheitene og sende rett i uhaldbare flyktningeleirar. Midt oppi dette kaoset finn vi ein hemmeleg organisasjon som kjempar for rettane til flyktningane.

Byråkraten Theo har gitt opp verda, men hamnar plutseleg midt oppi den hemmelege organisasjonens største hemmelegheit: Ei ung kvinne er blitt gravid! Theo får i oppdrag å hjelpe henne til kysten, der ho skal bli tatt vare på av gruppa Human Project. Men denne reisa er livsfarleg, og det er umogleg å vite kven ein skal stole på.

Sjølve historia er ekstrem i seg sjølv. Likevel er den truverdig. Det går faktisk an å sjå for seg dette skrekkscenarioet: Tenk deg om vi ikkje lenger får barn her i verda. Kva vil skje?
Mest sannsynleg vil verda bli fylt med angst og utan framtidsvon. Den dystre, grå stemninga gjev deg kjensla av å vere til stades i historia. Ei av dei sterkaste scenene er når Theo og den gravide jenta søkjer ly i ein nedlagt skule. Då får vi verkeleg kjenne på kroppen korleis ei verd utan barn vil sjå ut.

Både Clive Owen og Michael Caine, som nesten er ugjenkjenneleg som hippie med kvitt, langt hår, viser glimrande skodespelprestasjonar. I nesten to timar klarer «Menneskenes barn» å fengsle meg. Tempoet er høgt, men det er likevel lett å følgje med i historia. Sjølve fotograferinga er flott; fleire scener er blitt filma utan kutt, noko som krev mykje planlegging og eit godt blikk. Dette er også med på å gjere uttrykket meir realistisk.

«Menneskenes barn» framstår som ein viktig og god film, tankevekkjande og brutal – og til og med underhaldande. Ein av årets beste filmar.