Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skrive av  .

Jenter Foto: Filmweb

Sånn er livet:
På førehand, gjennom effektive filmklipp og presseskriv, blir vi lova ein oppsiktsvekkjande og rå dokumentarfilm. Men «Jenter» svarar ikkje til forventningane.

I utgangspunktet ein veldig god idé: Vi veit korleis dei tøffe gutane er i fjortistida, men kva med dei tøffe jentene?

 Jenter, filmposter Foto: FilmwebFoto: Filmweb



Regi: Hanne Myren
Foto: Odd Reinhardt Nicolaysen
Lengde: 1 t. 19 min.
Aldersgrense: 11 år

Filmskaparane har vald ut Ruseløkka ungdomsskole midt i Oslo sentrum, der dei har gått og plukka ut dei tøffaste jentene. I bresjen finn vi bestevenninnene Mahsa og Iselin. Dei er så gode venninner at dei vil gifte seg med kvarandre. I timane skuler dei stygt på «sossevraka» og i friminutta står dei og røyker. Men så blir det sommarferie. Når dei kjem tilbake til 10.klasse har Iselin forandra hårfarge, medan Mahsa har fått rastafletter. Men det er ikkje berre ytre sett det har skjedd forandringar: Iselin og Mahsa er ikkje lenger bestevenninner.

Det er rundt dette temaet dokumentaren «Jenter» fungerer aller best; skildringa av relasjonen mellom Iselin og Mahsa, som først er særs tett, før dei glir meir og meir frå kvarandre. I einskilde scener ser vi at Mahsa forsøker å opprette kontakt med Iselin igjen, men møter ei kald skulder. Akkurat desse augneblinka er godt fanga inn av kamera, det kan vere nok med eit blikk frå Iselin, og vi skjønar at Mahsa er ute i kulda og ikkje kjem til å sleppe inn igjen.

«Jenter» fungerer også godt som ein dokumentar om relasjonen mellom venninner generelt: tette band som blir brotne, bestevenninner blir konstant skifta ut, det oppstår sjalusi, ryktespreiing og baksnakking. For kven har klina med kven? Kven er lause på tråden? Her lukkas filmskaparane godt. Men så dukkar spørsmålet opp: Kva så? Kvifor er dette viktig å dokumentere på film? Og kvifor blir eigentleg alt dette pakka inn og presentert som noko heilt anna: nemleg ein rå film om kor tøffe og rå jenter kan vere?

Gjennom mykje reklame og mykje merksemd i media har «Jenter» på førehand blitt hausa stort opp. Diverre er ikkje filmen like bra som førehandsomtala. Årsaka er at «Jenter» verken er oppsiktsvekkjande, sjokkerande eller spesielt godt laga. At dei tøffaste ungdomsskulejentene i Noregs største by slenger med kjeften, har dårlege karakterer, mykje fråvær og bruker helgane til festing med masse alkohol, til og med prøver narkotika – er ikkje noko nytt. Dette skjer også i mindre byar, til og med i tettstader. «Den tette og ærlige dokumentaren Jenter viser én av mange måter å være jente på i Norge i 2006», står det i presseskrivet. Det stemmer ikkje heilt. Opptaka er nemlig fire år gamle, og viste korleis det er å vere jente i byrjinga av 2000. Tida har gått, om det har skjedd store forandringar, det veit ikkje eg.

Sjølv arbeida eg på ein ungdomsskule utanfor Bergen på denne tida. Røynda der var meir brutal enn i denne filmen, og det er kanskje difor eg ikkje blir særleg sjokkert. Kanskje vil foreldre på bygdene oppleve denne filmen som grusom og prise seg lukkelege for at barna deira går på skule på små stader. Kanskje, men eg trur det skjer litt av kvart der også.

Over 200 opptaktstimar er blitt klippa ned til 75 minutt. Innimellom får eg likevel ei kjensle av at filmskaparane har gått glipp av noko vesentleg, at dei ikkje har vore til stades når noko viktig har skjedd. Kanskje er dette blitt klippa bort. Kanskje har dei rett og slett ikkje vore på plass med kamera. Eg skulle for eksempel gjerne sett kva som skjedde om sommaren, då Iselin og Mahsa glei frå kvarandre. Eg skulle også gjerne vore meir «heime» hjå jentene, ikkje bare på skulen. Likevel, nokre få scener er rett og slett fantastiske. Aller best når Mahsa ynskjer å forlate timen, men ikkje får lov av læraren. Ho byrjar å skrike og truge med å slenge stolen i ansiktet hans!

Men den aller største svakheiten med «Jenter» er at den rett og slett er kjedeleg. Den engasjerer ikkje nok. Ein sit igjen under rulleteksten og tenker: «Ja, ja, og det var alt?». «Jenter» er diverre blitt ein litt likegyldig