Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dag Solstad sin roman ”Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land” har blitt film.

Kristoffer Joner spelar gymnaslæraren som blir kommunist, men som nektar å ta det heilt ut og bli ein skikkeleg arbeidar. Ane Dahl Torp spelar den beinharde kompromisslause kommunistlegen som får eit forhold til læraren.

Filmen tek utgangspunkt i notida, og byrjar med at ein aldrande gymnaslærar står framfor ein skuleklasse frå i dag, og prøver å gi ei innføring i korleis det gjekk føre seg på 60 og 70-talet. Slik rettar filmen seg mot oss i dag, gjerne også mot unge folk som ikkje har noko forhold i det heile til denne historia.

Eg veit ikkje om ungdommane gymnaslæraren snakkar til i filmen, og unge menneske som ser filmen, har noko kunnskap om AKP(m-l)-historia frå før. Eg veit heller ikkje om det er veldig viktig at dei får det. Men det gjer ikkje noko om dei får innblikk i det som rørde seg for 30 år sidan.

Solstad sin roman kom ut i 1982, som ei oppsummering av eit merkeleg fenomen i noregshistoria. Ei politisk vekking blant intellektuelle som fekk arbeidaren som det store ikonet. Velutdanna unge folk kasta frå seg dei fine titlane sine og byrja å jobbe som fabrikkarbeidarar, vaskekoner og med anna ”skikkeleg arbeid”. Romanen er svært lesverdig, og gir eit humoristisk og inderleg innblikk i AKP(m-l)-rørsla på 60-70-talet.

Vi er vane med å få innføring i historiske detaljar frå filmar. Filmen levandegjer og konkretiserer hendingar som verkar tørre når dei står svart på kvitt i historiebøkene, og gjer at vi forstår at dei som levde då og var der det skjedde, liknar oss. At det kunne ha vore oss.

Eg må innrømme at eg blei imponert over grepet med å ta historia med inn i notida, samstundes som eg ikkje heilt greier å ta Kristoffer Joner på alvor som den tilbakeskodande 60-åringen. Det gjer eigentleg ikkje så mykje, i mesteparten av filmen er han i 30-åra og der passar han som jo alle veit, kjempegodt.

Filmen er elles poetisk og til dels draumeaktig oppbygd, og har sterke estetiske grep som på ein fin måte illustrerer korleis gymnaslæraren, legen og dei andre gjekk inn i draumen om arbeidarklassa, og gjorde alt for å bli ein del av ho.

Nokon har meint at ”Gymnaslærer Pedersen” er for morosam, og at han kanskje gjer narr av APK(m-l). Eg synest han forheld seg greitt til både boka og den verkelege historia, samstundes som han er ein god film som ein vert gripen av. Så gjer det jo ikkje noko om ein får vite litt om eit stykke kuriøs noregshistorie på kjøpet.