Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skrekkfilmen «Fritt Vilt» er ikkje akkurat skremmande godt laga. Den er heller ikkje ein frykteleg bra film.

Dei dårlege tabloide ordspela er faktisk fullt på høgde med kvaliteten på «Fritt Vilt».

Kan hende hadde eg for store forhåpningar til denne media-opphausa norske skrekkfilmen, kanskje var det på grunn av den intense og spanande traileren som kom i førekant, og interessa frå utlandet for Roar Uthaugs film, men etter å ha blitt litt skremt dei første 45 minuttane, så blir filmen plutseleg tam og kjedeleg.

Midtvegs skjønar publikum at dette «monsteret», som dei fem snowboard-glade ungdommane fryktar, verken er eit spøkelse eller noko anna nifst – nei, vi skjønar fort kven denne ondskapen er, som herjar rundt med ishakka si.

Fem ungdommar reiser altså til fjells for å stå på snowboard. På veg ned, på motsatt side av der bilen står parkert, blir den eine kasta rundt og skadar foten sin stygt. Tilfeldigvis ligg det eit nedlagt hotell i nærleiken. Der finn ungdommane ly for natta. Men dette viser seg å vere «Ondskapens hotell», som tilsynelatande har stått tomt i 30 år.

Sjølvsagt er ikkje hotellet tomt. Sjølvsagt er ikkje ungdommane åleine.

Styrken til filmen er den fine balansen mellom rolige, harmoniske scener, og bråe,  skumle og mørke augneblink. Publikum får ikkje lov til å slappe av. Det er bra.

Takka vere bra musikk, god kameraføring og fin lyssetting, framstår «Fritt Vilt» som nokså profesjonelt laga. Diverre er verken manus eller skodespel godt nok.

Ingrid Bolsø Berdal gjer ein solid skodespelarjobb. Det gjer også rogalendingane Tomas Alf Larsen og Rolf Kristian Larsen. Viktoria Winge er også heilt ok, utan at ho får så store utfordringar. Dårlegast ut kjem Endre Martin Blindheim Midtstigen, som diverre ikkje held nivået. Til dømes når han oppdagar at kjærasten er blitt det første offeret. Golvet er fylt av blod. Smykket hennar ligg i blodsølet. Og alt skodespelaren klarer er å sjå ned, litt bort frå kamera, nektar å vise fram ansiktsuttrykka, og når vi først får sjå reaksjonen hans, så er den så lite truverdig, så lite ekte. Dette kjem enda klårare fram når han står rett ved Bolsø Berdal, og begge skal vise reaksjonane sine etter den første grufulle hendinga – det er stor kvalitetsforskjell på dei to.

Samtidig som historia er alt for føreseieleg, gjer dette at «Fritt Vilt» som heilskap ikkje er skremmande godt nok. Det er ein norsk film under pari, og internasjonalt sett betyr dette at filmen er dårleg. Derimot er ideen heilt ok, og potensialet mykje større. Innleiinga av filmen er bra. Her blir ulukker i vinterlandet Noreg sett i ein større samanheng: Folk som forsvinn sporlaust i snøen på fjellet, kan dei ha hamna under snøras – eller er dei blitt tatt av noko anna? Dette er nokså fikst tenkt, men diverre klarer ikkje filmskaparane å utnytte dette godt nok.