Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gulldronning, perledronning er ei tilsynelatande fredeleg og idyllisk historie. Gjennom barnet si eldre forteljerstemme får vi innblikk i kvardagen til ein livleg, fantasifull, og noko bortskjemd jentunge, som har det godt på garden til morfaren sin, i Berget det blå. Ho har alt ho treng i morfaren, katten Gråpus og hønene, og ikkje minst morfaren sine mange historier.

Heile jentungen sitt liv er eventyr og historier. Det er alle dei kjende, som Askeladden, Dei tre bukkene bruse, og Prinsessen på erten, men også eventyr med meir personlege vriar, som historia om morfar sin vidunderleg vakre somarfugl med tomatraud kjole som ikkje let seg fange, og historia om den gongen morfar fant jentungen i skogen, og ho hadde nase som eit raudt bær.

Historiene er ein så stor del av jentungen sitt liv, at ein kan sjå for seg at dei må vere uforanderlege. Så kjem eit punkt der historiene likevel endrar karakter. Og i den tilsynelatande ufarlege forteljinga kjem alvoret snikande. Historiene morfar fortel jentungen er ikkje like enkle som før, og dei ender ikkje lengre alltid godt. Dei tar for seg tema som ho aldri tidlegare har blitt presentert for; om det å gå på besøk, om å gå på skule og om å forstå at verden der ute er større enn Berget det blå. Etterkvart tar historiene til og med opp i seg det uuthaldeleg skremmande ”Nattbildet”; minnar som dukker opp i hovudet, med fryktframkallande bamsemønster, skumle fingrar og tvang.

Historiene ein som lesar blir servert viser seg samtidig å ha eit djup og eit mørke ein ikkje hadde forventa seg. Ikkje berre i jentungen si historie, men også morfaren si historie og historia til morfaren si dotter – jentungen si mor. Svært truverdige forteljerstemmer gir oss eit gløtt inn i livet til tre generasjonar, og ein får ei forståing av korleis ondskap, sorg og savn har påverka dei. Det er alvorlege tema som viser seg. Kjærleiksorg, barseldaud, incest, schizofreni, drap og overgrep kjem fram i historiene, og den barnlege presentasjonen er så sår og enkel at den grip lesaren på særeige vis.

Med auka forståing for jenta si historie auker også beundringa for morfar. Med tålmod og kjærleik, og ikkje minst fantasi, ven han dotterdottera sakte, men sikkert til samfunnet utanfor Berget det blå. Det er ei spanande oppleving for jenta, på godt og ondt. Ho blir kjend med Ragna og familien hennar, og får med det si aller fyrste venninne. Samtidig tvingast ho til å ta eit oppgjer med den fryktelege Mumle Gåsegg frå røyndommen og ”Nattbildet”; det som er så skremmande at ho vil besvime når det dukkar opp i hovudet. Men det går bra, dei får det til. Jentungen får til å gå på besøk, ho byrjer på skulen, og ho oppfyller morfaren sitt ynske om å bli ”skikkeleg folk”. Ho kjem ut av Berget det blå.

Margaret Skjelbred synast å ha ei unik innsikt i eit barns hovud. Barnet sine tankar og reaksjonar er så livlege at ein kan forestille seg å sjølv ha tenkt dei som barn, men i motsetnad til Skjelbred har ein gløymd dei for lengst. Ein trur hundre prosent på jentungen i historia, og på ho som ei historie i hennar vaksne minne. Berre derfor vil ein forsvare at ikkje alt er like logisk framstilt i forteljinga, at ein får litt for mange familiemedlemmar å forholde seg til, og at tidsperspektivet er uoversiktlig. Alt fordi det høyrer med til barnet sitt univers.

Skjelbred gjer ein mesterleg jobb med å byggje opp spenninga i historia. Mange historier, forteljarar, tidsrom og innfallsvinklar brukast med hell som spenningsoppbyggjande verkemiddel heller enn å gje historia eit rotete inntrykk. Hennar erfaring som forfattar skin også gjennom ved at ho tar seg tid og tør dvele ved stemningane som skapast, og det gjer heile forteljinga –eller alle historiane kan en kanskje seie – til ei behageleg oppleving, trass i sine uhyggelege tema. Eg vil derfor ikkje nøle med å anbefale boka, også til dei av oss som er mellom barn og ordentleg vaksen.