Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dag Olav er for lengst ferdig med studia i Bergen. No treng han ein jobb. Han kjem heim til Stavanger, og her får han draumejobben: medarbeidar hos Platekompaniet.

Hovudpersonen skal visstnok ha studert statsvitskap og kunsthistorie på universitetet, likevel endar han opp som medarbeidar hos Platekompaniet. Men for Dag Olav er dette draumejobben, fordi han får høyre og anbefale musikk dagen lang. Historia om Platekompaniet gjer denne historia ganske spesiell. Dag Olav får tilsendt ei T- skjorte frå Platekompaniet, og denne skjorta betyr alt for han. Endeleg kan han få gå med den blå Platekompani- skjorta med flammelogo! Det blir nærmast komisk å høyre om hovudpersonen, som elskar skjorta og som blir overlykkeleg når han får tak i Platekompaniets musikktest.

Dag Olav har eit lidenskapeleg forhold til musikk. Han kan alt det er å vite om favorittbandet Stone Roses, forutan mange andre fakta om store band i inn – og utland. Det kjem tydeleg fram at forfattaren har ei stor interesse for musikk. Romanen er fullpakka med referansar til ulike band og songar. Forfattaren imponerer med kunnskapane sine, men til tider blir det rett og slett for sært.

Det er ikkje berre musikk som er viktig i boka. Også kjærleiken blir tematisert. Dag Olav er veldig forelska i Sofia, ei vakker ung jente frå Røros som han studerte kunsthistorie saman med. Etter kvart kjem dei godt overeins, men ei vanskeleg hending gjer at Sofia trekk seg unna. Dag Olav synest dette er vanskeleg, for han trudde verkeleg at Sofia var den rette.

Den ulukkelege kjærleiken til Dag Olav blir realistisk skildra. Han trur at Sofia kan vere den rette, men når ho går frå han, veit han ikkje kva han skal gjere. Han prøver å få kontakt med ho, for kanskje tinga kan ordne seg likevel. Men det er tydeleg at Sofia føler seg ferdig med Dag Olav. Til slutt må han leggje det vanskelege forholdet bak seg. Livet må gå vidare. Dette er også bodskapen i romanen.

Astronautar er først og fremst ei historie om å finne seg sjølv og det å komme seg igjennom alle dei vanskelege tinga livet kan by på. For å gjere ein vri på det, har forfattaren fullpakka historia med musikkreferansar og merkelege hendingar. Men om dette gjer romanen noko betre enn andre historier med same tema, er eg ikkje heilt sikker på.

Fakta

*Bokmeldaren er Guro Kristine Haug. Ho er 16 år og går første året med allmennfag på St. Olav videregående skole i Stavanger. Dette kan Guro fortelje om seg sjølv: Eg er eigentleg austlandsjente frå Lier utanfor Drammen, men flytta til oljehovudstaden då eg var ni år gammal. Nynorsk er sidemålet mitt, men synest det er vel så kjekt å skrive nynorsk som bokmål!

Eg likar å skrive og har brevvenner i Hongkong, Australia, USA og Tyskland. Eg synest det er veldig kjekt å bli kjend med ungdommar frå andre land og lærer masse frå denne brevskrivinga. Les òg mange romanar, men føretrekkjer realistiske historier i staden for fantasy som Ringenes Herre og Harry Potter. Eg likar dessutan å sjå filmar, romantiske komediar og drama er favorittane. Likar òg å vere med venner og gå på kafé, og eg er svak for alt som inneheld sjokolade. Sjokoladebrownies er jo berre så godt!