Sp er det minst mislikte partiet
Mens 38 prosent av veljarane svarar at dei mislikar Frp mest, svarar berre 1 prosent Sp. Det viser ei meiningsmåling gjennomført av Sentio for Klassekampen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier til avisa at han trur forklaringa på dette er at partiet er tydelege på kva dei meiner om saker som politireform, kommunesamanslåingar og forsvar.
– Målet vårt er å bli eitt av Noregs tre store parti. Ved kommunevalet i 2019 har vi mål om å bli større enn Frp, seier Vedum.
Etter Framstegspartiet er det MDG som er mest mislikt. Mens 12 prosent svarar at dei mislikar miljøpartiet mest, svarar 9 prosent Raudt, 6 prosent SV, 5 prosent Ap, 5 prosent KrF, 4 prosent Venstre og 2 prosent Høgre.
Leiar av Framstegspartiets Ungdom (FpU), Kristian Svendsrud, meiner Sp har gått under radaren til politiske motstandarar.
– Vi burde brukt meir tid på å gå dei etter i saumane. Senterpartiet ønsker høge tollmurar, meir proteksjonisme og å stengje landet inne. Eg meiner dei er eit farleg parti, seier Svendsrud til avisa.
Han er ikkje bekymra for at moderpartiet er det mest mislikte i landet:
– Det er fordi Frp er det tydelegaste partiet i Noreg. Når sin ikkje pakkar inn ting, er det fleire som tar klart standpunkt til partiet.
(©NPK)