Du kan velje fritt éin avliden person du får drikke ein kopp kaffi med. Kven vel du?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Få artistar skriv så sterkt og lunt om livet

Hadde du spurt meg då eg var yngre ville eg truleg valt ein fotballproff, prinsesse Diana eller ein annan kjendis. Jesus, kanskje. Dessutan ville eg sagt at eg ikkje likar kaffi. Men ingen dagar kjem tilbake, og det var då. I dag er eg ikkje i tvil.

Dei sterkaste kvinnene er gjerne dei vi kjenner minst til. Heldigvis har Sigrid Moldestad fortalt historia til ei av sine systre av boge og streng: spelekvinna Samuline Seljeset.

Historia om Samuline Seljeset er historia om kvinner som måtte teie og tonar som stilna. I gamle dagar var det mange kvinnelege spelemenn i Nordfjord, men eit pietistisk syn på musikk som synd og fela som djevelen sitt instrument sette miljøet tilbake. Slike kvinner straffar Gud.

Samuline Seljeset spelte livet, lyset og mørkret, og sinnet frå i går. Mannnen måtte styre heime. Med alle sansar spende i bogen stod ho der i ein kamp om tru og tvil, med kraft til å nøre logen. Slik fortel Moldestad om Seljeset. Og slik fortel ho samstundes ei historie om alle alle kvinner som til ulike tider har blitt sett ned på og bedne om å kjenne sin plass. Av menn som meiner dei er dei einaste som kan forvalte sanninga om krefter dei strengt tatt ikkje rår over.

Peder Lofnes Hauge frå Gloppen er rådgjevar for byrådet i Bergen og styremedlem i Noregs Mållag. Foto: Privat

Det er som om det er eg som står på akkurat det dansegolvet, i akkurat det grendahuset

Moldestad syng om korleis Seljeset ser ut over dansande unge og ein gut som ser ei han aldri kan få. Ei jente som kanskje forstår, om berre Seljeset lar tonane rope med villare tunge. Det er som om det er eg som står på akkurat det dansegolvet, i akkurat det grendahuset og at Samuline spelar for akkurat meg.

Det er få artistar som skriv så sterkt og lunt om ulike deler av livet som Sigrid Moldestad. Om død, sorg og sakn. Og barndom og det heimlege. Om ein gut og kjærleiken, og om sterke kvinner med feler.

Heldig er eg som har det same hjartespråket som Moldestad. Slik blir tekstane endå nærare og låtane endå sterkare. Når eg har musikken til Sigrid Moldestad på øyret kan eg sitte på ein benk på Torgallmenningen i Bergen og på same tid vere heime i Gloppen. Når eg sit der hender det støtt at det er nettopp historia om Samuline Seljeset eg høyrer på. Då tenkjer eg at det ville vore fint å tatt ein kaffi og snakka med ho, for å høyre korleis det var ho vere ho på hennar tid.

Og så blir eg minna om at songen flyg også frå Moldestad si fele, at spelekvinnekvinnene frå Nordfjord vann til slutt, og at tonane deira for alltid skal valse vilt kring mørke fjell.

Høyr «Samuline» av Sigrid Moldestad her: