Ein utryddingstruga galning

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein (s)låt(t) eg likar: «Fjordhingsten»

Folkeleg? Ja visst. Men i alle triolane og den gode takta ligg det eit alvor. Ei forteljing om vår, ein dans og ein hesterase som fort kan verta borte. Det er utruleg kva du kan få til med eit dragspel og ei fele. Har du prøvd deg på instrumenta, so veit du at kombinasjonen lett kan låte på ymist vis.

Dragspelaren Irene Tirlung og hardingfelespelaren Britt Pernille Frøholm produserer kvalitet i kvar tone. Særleg «Fjordhingsten» av Arne M. Sølvberg spelar dei meistarleg godt. Den nærast porøse lyden i fela og den djupe bassen i dragspelet let vart og tøft samstundes.

Fredrik Hope kjem frå Hyen i Nordfjord, er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Hannah Kolås / Norsk Målungdom

Frøholm og Tirlung er nokon av dei mange dyktige musikarane som lyftar fram folkemusikken, og dei har spela saman med andre i grupper som Maar og Boreas. Både dei sjølvskrivne og dei tradisjonelle slåttane deira er vevne inn i eit ljodlandskap med særeigne fargar og klangar.

Kåt og våryr

For å snakka om slåtten: Lat det ikkje vera nokon tvil – dette er programmusikk. Musikk som skal skildra noko utanommusikalsk, til dømes ein gjenstand eller ei handling. I dette tilfellet ein kåt og våryr fjordhingst.

Let du att augo, ser du lett føre deg ein sparkande og sprettande fjordhingst som kastar seg ned etter den graskledde lia medan han jagar på hoppene sine. Sola skin og det er mildt sagt vår i lufta – og hingsten er endeleg sloppen ut på beite.

Komponisten Sølvberg er sjølv bonde og har driva med fjording, so det er ikkje vanskeleg å høyra kvar han har henta inspirasjonen frå.

Nordfjordspringar

Dette er òg dansemusikk. Slåtten er ein springar i tradisjon frå Nordfjord, lengst nord i Sogn og Fjordane. Springaren er ein av dei eldste folkedansane våre og går i 3/4-takt.

Døme på nordfjordspringar:

Det finst store variasjonar alt etter kvar i landet musikken og dansen kjem frå, akkurat som med dialekter. Springaren i Nordfjord vert rekna som ekstra kvass og tøff, og det er ein pardans der særleg karen syner seg fram – og musikken er prega av mange og kjappe triolar.

Slåttetypen er nett høveleg for ein slått om eit fjordhingst på vårslepp.

Utryddingstruga

Eg var ikkje hestegut i barndomen, men eg kjenner hjarta mitt bankar litt ekstra for fjordingen. Den utryddingstruga hesterasa har ei usikker framtid. Før var hesten på nær kvar ein gard på Vestlandet. Men då traktoren tøffa inn, traska fjordingen ut. Talet på føl har lenge gått nedover.

Heldigvis har hesten mange fans både i her i landet og i utlandet, som ikkje let hesten døy ut utan kamp. No er det omlag 5000 fjordhestar i Noreg – og om lag like mange i USA.

Det ville vera grenselaust trasig om den gulaktige hesten med den svartstripa manen forsvinn ut or tida. Kven skal då kasta seg ned etter liene med høge spark om våren?

Slik kan det sjå ut når fjordhingstar blir slopne ut:

Vil du skriva om ein låt du likar for Framtida.no? Send oss ein e-post på tips[a]framtida.no!

Ein låt eg likar

«Fjordhingsten»

Av: Frøholm/Tillung, komponist Arne M. Sølvberg

Album: Eins (2009)