Christian Wiik Gjerde
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SJÅ VIDEO: Kan ein dressere kattar?

– Det fullt mogeleg å dressere ein katt, men ein bør starte med dette når katten er liten, fortel Bjarne Braastad, professor i åtferdsbiologi ved Noregs Miljø- og Biovitskaplege Universitet i Ås. Han forskar blant anna på åtferd hjå kattar.

– Det er også viktig at ein ikkje pressar katten, for katten fungerer best når han får gjere det av lyst. Ein må alltid gi katten ein godbit straks den har gjort det ein vil få han til å gjere.

Sjå film øvst i saka! Lær meir om trening av kattar og sjå korleis det gjekk då hundekvalpen Saga og katten Beyoncé skulle lære triks.