Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du den same i 2018 som i 2017?

Det finst ei frase du like gjerne kan møta i ein alvorleg filosofitekst som i den sprøaste sjølvhjelpsboka: «Kjenn deg sjølv!» Frasa har djupe filosofiske anar: på Sokrates si tid var det meir eller mindre allmenn visdom (visstnok meisla inn over inngangen til Apollon-tempelet i Delfi), men ein variant av frasa går tilbake til det gamle Egypt. Og heilt sidan då har fleirtalet av filosofar hatt noko å seia om henne.

Men «Kjenn deg sjølv!» har òg appell som sjølvhjelp. Er målet ditt å akseptera deg sjølv? Vel, då må du kjenna deg sjølv først. Eller er målet å ta gode agjersler – avgjersler som er rette for deg? Igjen, dette er vanskeleg om du ikkje kjenner deg sjølv.

Problemet er at ingenting av dette byggjer på eit realistisk bilete av sjølvet og av korleis me fattar avgjersler. Heile denne «kjenn deg sjølv»-greia er ikkej så enkel som ho synest. Faktisk kan det vera ei alvorleg filosofisk smørje – for ikkje å snakka om dårleg råd.

La oss ta eit døme frå kvardagen. Du går til stamkafeen din og tingar ein espresso. Kvifor? Berre eit innfall i augeblikket? Prøva noko nytt? Kanskje du veit at eigaren er ein italienar, og at ho dømer deg om du tingar ein espresso etter kl 11? Eller er du berre espresso-typen?

Eg mistenkjer at det siste av desse alternativa best reflekterer vala dine. Mykje av det du gjer, gjer du fordi du synest det passar med den typen person du tenkjer at du er. Du tingar egg Benedict fordi du er egg Benedict-typen. Det er ein del av kven du er. Og dette går att i mange av dei daglege vala dine. Du går til filosofihylla i bokhandelen og til fair trade-hylla i daglegvarebutikken fordi du er ein filosof som bryr deg om global rettvise, og dét er det filosofar som bryr seg om global rettvise gjer.

Me har alle nokså stabile tankar om kva slags person me er. Og det er til det beste for oss – me treng ikkje tenkja altfor hardt når me kjøper kaffi kvar morgon. Desse tankane om kva slags person me er, kan også ta følgje av tankar om kva slags person me ikkje er – eg kjem ikkje til å handla på Nille, eg er ikkje den typen. (Denne måten å tenkja på seg sjølv på kan lett gli over i å moralisera sine eigne val, men lat oss ikkje pirka i det vepsebolet.)

Det er berre eit stort problem med denne mentale innstillinga: Folk endrar seg. Det finst turbulente periodar då me endrar oss drastisk – i romantisk kjærleik, til dømes, eller skilsmisse, eller å få born. Ofte er me klare over desse endringane. Etter at du har fått ungar, merkar du truleg at du plutseleg har blitt eit morgonmenneske.

Ein larve som søkjer å kjenna seg sjølv, kjem aldri til å bli ein sommarfugl. (André Gide)

Men dei fleste endringane skjer gradvis og under radaren. Nokre av desse mekanismane forstår me mykje av, som eksponeringseffekten: Jo meir du er eksponert for noko, dess meir pleier du å lika det. Ein annan, meir problematisk mekanisme er at jo meir ønsket ditt om noko ikkje blir innfridd, dess sterkare pleier du å mislika det. Desse endringane skjer gradvis, ofte utan at me merkar noko.

Problemet er dette: Viss me endrar oss medan sjølvbiletet vårt står i ro, oppstår det ein avgrunn mellom kven me er og kven me trur at me er. Og dette fører til konflikt.

For å gjera det verre, er me eksepsjonelt gode til å avfeia sjølv moglegheita for at me kan endra oss. Psykologar har gitt dette fenomenet eit fancy namn: «illusjonen om slutten på historia». Me trur alle at den me er no er det ferdige produktet: me kjem til å vera den same om fem, ti, tjue år. Men som desse psykologane fann ut, er dette ei vrangførestilling – preferansane og verdiane våre kjem til å vera svært annleise allereie i overskodeleg framtid.

Kvifor er dette så nøye? Det er kanskje greitt når det gjeld å tinga espresso. Kanskje du no eigentleg føretrekk cappuccino, men du tenkjer på deg sjølv som espresso-typen, så du held fram med å tinga espresso. Difor nyt du morgondrikken lite grann mindre – ikkje så farleg.

Men det som gjeld for espresso, gjeld òg for andre preferansar og verdiar i livet. Kanskje likte du genuint å driva med filosofi før, men du gjer det ikkje no lenger. Men sidan det å vera filosof er ein så stabil del av sjølvbiletet ditt, held du fram med å gjera det. Det er ein stor skilnad mellom kva du likar og kva du gjer. Kva du gjer blir ikkje bestemt av kva du likar, men av kva slags person du tenkjer at du er.

Skaden ved dette er ikkje berre at du brukar mykje av tida di på noko du ikkje eigentleg likar noko særleg (og ofte direkte mislikar). Det er heller at menneskesinnet ikkje likar sjølvmotseiingar av dette slaget. Det gjer sitt beste for å skjula denne motsetnaden: eit fenomen kjent som kognitiv dissonans.

Å skjula ein gapande motsetnad mellom kva me likar og kva me gjer krev stor mental insats, og dette gir lite energi til overs til andre ting. Og om du har lite mental energi til overs, er det mykje vanskelegare å slå av tv-en eller å motstå å bruka ein halvtime på å kikka på Facebook eller Instagram.

«Kjenn deg sjølv!», ikkje sant? Viss me tar på alvor kor viktig endring er i livet vårt, er dette berre ikkje eit val. Du kan kanskje kjenna kva du tenkjer om deg sjølv i dette augeblikket. Men kva du tenkjer om deg sjølv, er noko anna enn kven du er og kva du faktisk likar. Og om nokre dagar eller veker kan alt dette endra seg, likevel.

Å kjenna seg sjølv står i vegen for å erkjenna og forsona seg med at verdiane dine endrar seg heile tida. Viss du kjenner deg sjølv som ein slik eller sånn type, avgrensar dette fridomen din. Du var kanskje ein som valde å vera ein espresso-person eller ein gi-til-veldedige-føremål-person, men så fort desse trekka er bygde inn i sjølvbiletet ditt, har du veldig lite styring med retninga livet ditt går i. Endringar blir enten sensurerte, eller dei skapar kognitiv dissonans. Som André Gide skreiv i Haustlauv (1950):

«Ein larve som søkjer å kjenna seg sjølv, kjem aldri til å bli ein sommarfugl.»

Bence Nanay er professor i filosofi ved Universitetet i Antwerpen og forfattar av boka Aesthetics as Philosophy of Percetion. Teksten var først publisert på Aeon.co med CC-lisens, og er omsett til nynorsk av Runar B. Mæland.

Aeon counter – do not remove