Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

15 gode grunnar til å høyra på dette albumet på Spotify

I juni var gleda stor då musikken til Taylor Swift endeleg var å finna på Spotify etter tre års fråvær. Men då ho i byrjinga av november lanserte sitt etterlengta sjette studioalbum Reputation i november, måtte fansen bruka av sine hardt oppsparte kroner i platebutikken for å få høyra alle songane.

Dette førte mellom anna til to millionar selde eksemplar dei første to vekene, men også til mykje frustrasjon blant dei som allereie har betalt for eit digitalt musikkabonnement.

I dag er ventetida endeleg over: Reputation er på Spotify, akkurat tidsnok til årets første adventshelg. Her får du femten gode grunnar til å lytta på albumet – og ja, det er alle songane.

1. …Ready For It?

Tung bass og rap-aktig vokal melder ankomsten til «den nye Taylor». Det fjørlette, melodiske refrenget dannar ein utmerkt kontrast til det mørke verset i ein av årets beste låtar.

2. End Game

Som albumtittelen ikkje veldig subtilt hintar om, er ryktet til Taylor eit gjennomgåande tema på Reputation. På «End Game», eit urbant midtempo-spor, har ho fått med seg Ed Sheeran og rapparen Future til å syngja om kor stort rykte rykte ho har. Det er litt kleint, men læt faktisk ikkje så verst, spesielt på det siste refrenget.

Tekstliner som «I buried hatchets but I kept maps of where I put them» og «I swear I don’t love drama, it loves me» er med på å løfta songen. Det er berre å læra seg denne først som sist, sidan det garantert blir ein hit.

3. I Did Something Bad

Mørkt og dramatisk, med tunge synthar og referansar til feidane med mannlege «narsissistar» og «playboys» (Kanye, Calvin?). «If a man talks shit, then I owe him nothing», truar Taylor, og det er kansje ikkje så subtilt, men du verda, det er fengjande.

4. Don’t Blame Me

Ein rolegare låt som gir Tay-Tay høve til å markera seg med ein sterk vokalprestasjon. Me likar spesielt lina «I once was poison ivy, but now I’m your daisy».

Som dei fleste andre songane på albumet er denne skriven og produsert i samarbeid med den svenske duoen Max Martin og Shellback, og dei kastar seg verkeleg ove ralt som er trendy og kult i 2017. Vel, så lenge det funkar.

5. Delicate

Denne kunne like gjerne Justin Bieber eller Selena Gomez ha framført, og det høyrest kanskje ikkje ut som noko kompliment, men det fungerer faktisk overraskande bra som Taylor-låt. Melodisk og med herlege vocoder-effektar på vokalen.

6. Look What You Made Me Do

Det er ikkje så mykje meir å tilføya om singelen der «the old Taylor» blir erklært død. For denne lyttaren har låta blitt kulare etter gjentekne lyttingar. «Another day, another drama-drama»-verset er eit klart høgdepunkt.

7. So It Goes…

Eit slags pustehol som ikkje gjer så veldig mykje ut av seg mellom singlane LWYMMD og Gorgeous. Me får nye hint om at Taylor er blitt vaksen når ho syng om «scratches down your back».

8. Gorgeous

Me ventar i spenning på musikkvideoen til denne veldig radiovenlege poplåten om ein gut som berre er sååå skjønn at Taylor blir heilt galen over at ho ikkje får vera saman med han. I tillegg blir me alltid glade når Taylor syng om kattane sine, Meredith og Olivia.

9. Getaway Car

Nei vent, DENNE fortener ein heftig musikkvideo. Eit av dei klare høgdepunkta på albumet, der ei biljakt blir brukt som metafor for eit kjærleiksforhold som er dømt til å mislykkast.

Oppbygginga frå det første verset til refrenget er perfekt, og Taylor brukar igjen sin ekspertise på å skapa spenning ved å variera melodi og rytme i vers nummer to.

10. King of My Heart

Det høyrest først ut som ein tradisjonell Taylor-poplåt, men så kjem trommebeaten inn. Ein får litt lyst til å høyra denne i «Old Taylor»-format, utan denne trap- og dubstep-inspirasjonen, men ok. Mot slutten kjem det ei fin bru der Taylor syng om å drikka øl av plastkoppar.

(Visstnok har ho forresten aldri sunge om alkohol før, men på Reputation gjer ho det heile tida: wine, beer, whiskey og old fashioned om kvarandre.)

11. Dancing With Our Hands Tied

Fansen har jobba hardt med å finna ut kven av eksane til Taylor denne handlar om, og har ikkje nådd nokon konsensus. Uansett er dette ein flott poplåt, med ei sterk melodisk og rytmisk oppbygging gjennom verset og eit høveleg stort og heftig refreng.

Swift har faktisk blitt ein betre og betre vokalist med åra, og det viser ho igjen her.

12. Dress

Ein dampande ballade der me får me høyra Taylor syngja «I only bought this dress so you could take it off» i falsett gjentekne gonger.  Ho syng òg om å søla raudvin i badekaret, og det høyrest jo ganske kjekt ut.

«Dress» er ein av favorittane til fansen, som allereie har lagt ut mange coverversjonar på  YouTube:

13. This Is Why We Can’t Have Nice Things

Den mest leikne låten på albumet, og den me aller mest ønskjer oss ein musikkvideo til (saman med «Getaway Car»). Eit kjærkoment drypp av stemninga frå låtar som «Blank Space», «Shake It Off» og «We Are Never Getting Back Together», med fire enkle akkordar og eit stort poprefreng.

«Here’s a toast to my real friends»-partiet er til å døy for.

14. Call It What You Want

Melodisk, svevande drøymepop på høgd med «Wildest Dreams» frå 1989. Ein låt som krev mange lyttingar før han fell på plass i øyra, utan noko tradisjonelt refreng med lina «I want to wear his name like a chain ‘round my neck» som eit fint klimaks.

15. New Year’s Day

For ein låt, og for ei perfekt avslutning på eit album! Herleg laidback stemning med berre Taylor og eit enkelt pianokomp. Premisset for songen er at ekte romantikk ikkje viser seg under nyttårsfesten, men når ein ryddar opp dagen etter, og det er veldig fint.