Storkommunar vil bruka song til å byggja fellesskap
Fleire nye storkommunar blir no såkalla syngjande kommunar og vil bruka song for å skapa fellesskap og samhald.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det fortel organisasjonen Krafttak for sang som står bak programmet “Syngende kommuner”. Organisasjonen har som mål at song skal bli ein naturleg del av kvardagen i norske kommunar.
I hard konkurranse blant 21 kommunar har organisasjonen nyleg plukka ut fem nye kommunar som får vera med i det treårige songprogrammet. Det betyr at dei fem kommunane i tre år framover får ressursar til å utvikla, halda opp og styrkja den lokale songkulturen. Målet er at alle innbyggjarane i kommunen skal ha eit songtilbod når prosjektperioden er over.
– Vi er svært nøgde med å få så mange gode søkjarar, og synest det er gledeleg at mange norske kommunar ser verdien av å satsa meir på songaktivitetar, seier prosjektleiar Jarle Flemvåg i Krafttak for song i ein omtale på nettsida til organisasjonen.
Han seier at fleire av søknadane kjem frå kommunar som skal slå seg saman og som ønskjer å bruka song for å skapa samhald og fellesskap.
- LES OGSÅ: – Alle born bør få lov å syngja kvar dag
– Av dei som fekk plass i det syngjande kommune-programmet, hadde både nye Ullensvang kommune i Hardanger og Nye Molde dette som eit klart motiv i søknadane sine, heiter det.
Dei andre kommunane som har fått plass i det treårige songprogrammet i denne runden er Bergen, Kongsberg og Vestre Toten.
- LES OGSÅ: Her syng dei kvar dag