– No må vi alle kunne skrive

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg brenn for at menneske skal kunne formulere seg klart og tydeleg, seier Trygve Aas Olsen. Han har lang fartstid som journalist og er no tilsett ved Institutt for journalistikk. Dei siste åra har han kursa alt frå journalistar til akademikarar og byråkratar. Og i kurssamanheng møter han dei ofte: Menneske som er proppfulle av kunnskap – men med skortande evner når det gjeld formidling.

– Ta forskarar og akademikarar. Dei er ofte engstelege for å bli oppfatta som folkelege og enkle når dei skal uttrykkje seg skriftleg. Dermed dynger dei teksten ned med tungt fagspråk og akademiske vendingar.

– Tenk på Skavlan

Aas Olsen nemner noko som for mange blir ein augeopnar:

– Tenk på ein forskar som sit i skinnstolen til Fredrik Skavlan mens folk er klare for fredagstacoen. Mange er redde for å få sagt for lite, men hos Skavlan handlar det ikkje om å greie ut om alt du kan. Her blir det teke ned på eit enkelt nivå. Den gode historia får skine og dei heilt krystallklare poenga blir henta fram. Skavlans redaksjon har god teft og finn folk som ikkje berre kan og veit mykje, men som også beherskar kunsten å formidle.

– Men mitt poeng er at dette ikkje er nokon heksekunst. Med triks og verktøy i ermet kan dei aller fleste klare å fortelje gode historier på ein enkel, underhaldande og forståeleg måte.

Ta skoa på

Aas Olsen bekymrar seg for skrivelysten til den gjengse nordmann. Han trur alle som skriv, og særleg folk som er avhengig av å skrive og uttrykkje seg skriftleg på jobb, kan ha glede av «Skriv enkelt og smart».

– På Facebook skriv folk flotte og ektefølte tekstar om noko dei har på hjartet. Der tør dei også å bruke seg sjølve. Men så fort dei skal formulere noko meir offisielt, ein fagtekst, eit brev til ein offentleg instans eller ein kronikk, så skiftar dei stil. Då skal det skrivast høgverdig og høgtideleg – og skrivelysten forsvinn. Det er trist at mange kunnskapsrike menneske skriv tekstar som er blotta for sjølvtillit og snert.

Eitt av dei sterkaste tipsa frå Trygve Aas Olsen er nettopp å ta i bruk eige liv når du skriv.

– Igjen: Tenk på skinnstolen til Skavlan! Tenk at du sit der og skal bli høyrt av det tacoetande publikummet. Då må du møte dei med skoa på; Altså, ver til stades i det du formidlar. Beskriv smakar, lukter og synsinntrykk, så lesaren kan leve seg inn. Skribentar som støttar fakta med eigne erfaringar, får tillit.

LES OGSÅ: Skriv seg til suksess

– Bloggarar – ingen uting

– I desse bloggtider: Står vi i fare for at det er folk som ropar høgst som blir høyrde og lesne, Aas Olsen?

– Bloggarar er ingen uting slik eg ser det, dei berre vidarefører samtalar og meiningsytringar frå dagleglivet på nye plattformer. Det finst bloggar om alt mogleg, og det er blitt sånn at veldig mange skriv og uttrykkjer seg. Men parallelt må vi sørgje for at dei som sit på kunnskap kjem på bana med god formidling.

Språkentusiasten nemner Helen Uri, Camilla Stoltenberg og Finn Skårderud som eksempel på folk som klarer å nå ut.

– Dette er også personar som ofte blir nemnde når det blir snakk om kommunikative forbilde. Men folk trur det er svært vanskeleg å komme opp i same liga. Men igjen: Det er ingen heksekunst å fange lesaren og fortelje gode historier.

(©NPK)

LES OGSÅ: Kan ein robot skrive ein roman?