Grunnen er nedslaktinga av villreinen i Nordfjella, som foreininga omtalar som den verste mishandlinga av ville dyr i Noreg nokon gong.

– Mattilsynet grunngjev nedslaktinga med dyrevelferdsomsyn, men ofrar samstundes velferda for 1500 dyr. Dei prøver seg fram for å sjå kor langt tolegrensa kan tøyast, kor lenge dei kan stressast og jagast før det går så hardt ut over dyrevelferda at nedskytinga eventuelt må innstillast. Ein veit allereie at dyr blir stressa av jakt og av helikopter- og snøscootertrafikk, og at simler kan abortere under stress, skriv Dyrenes Røst i ei pressemelding.

Foreininga legg vekt på at skrantesjuke-smitte har eksistert i naturen årevis utan at nokon har teke forholdsreglar. Dei meiner Mattilsynet sanerer naturen etter same prinsipp som dei sanerer fjøs, utan å tenkje på at naturen ikkje kan isolerast som ein fjøs.

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE