Lars Mæhle, Aina Basso og Øystein Runde om å skriva

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lars Mæhle (46) fortel at då han var mindre, så var han veldig sjenert.

Han skreiv for å uttrykka seg. Han fann sin utveg frå verda med å skriva, og las alt i frå krim til klassikarar.  

– Eg var vel den i klassen som las mest, skreiv mest – trente mest på skriving, seier Mæhle. 

Han seier sjølv at han har fleire nynorsk idol, men ein som skil seg mest ut er Ragnar Hovland. 

Lars Mæhle kom ut med boka Landet under isen i 2009. Han har også blant anna skriva ungdomsromanen Fuck off, I love you i 2012. Romanen handlar om rasisme og vennskap. 

– Hovudpersonen er veldig redd for å ta sine eigne val, fortel han.  

Når han skriv seier Mæhle at det er vanskeleg å vera original, og han får heller ikkje hjelp med skrivinga. På leiting etter karakternamn, tar han ikkje namn frå livet sitt, men går heller på leiting i telefonkatalogar.  

Ikkje fulltid

Mæhle er ikkje forfattar på fulltid, og har jobb som forslagredaktør.

Men kva gjer han når han ikkje jobbar eller skriv? 

– På fritida mi, går eg ofte ut på fisketur med barna mine. Eller så køyrer eg barna mine til fotballtrening og riding. 

Akkurat no held Mæhle på med ein ny ungdomsroman for ungdomar frå 14 år og oppover. 

– Boka handlar om ei gruppe som avtalast å slåst på nettet, også blir han eine forvist til ein liten stad, og han må forholda seg til ei heilt ny verd. 

Frå familiehistorie til heksebøker

Aina Basso (38) studerte historie ved universitetet i Trondheim, og bur no i dag i Oslo.  

Ho er kjent for sine heksebøker som romanen Inn i elden og faktaboka Heksejakt.

Då ho var lita, kunne ho ikkje tenkje seg til kvifor folk trudde at hekser var farlege.

Det var med på å inspirerera ho til å skriva faktaboka.

Då ho gjekk på universitetet, hadde ho ei oppgåve om hekseprosessane i Finnmark, der faren til Basso også kjem ifrå.

– Når eg skriv, gløymer eg heilt å eta, og drikk bare vatn, fortell ho om når ho skriv. 

I 2010, då Basso begynte å skriva Heksejakt, kom det ut ei ny bok om heksehistoria i Finnmark. Dette gjorde det mykje enklare å finna kjeldene.

– Ho som skreiv den nye boka, blei faktisk fagkonsulenten min, seier Basso. 

Sidan far til Basso kjem frå Finnmark, og mora frå ei lita øy i Ålesund, seier ho at hekseprosessen er litt som ei familiehistorie. 

– Alle karakterane er oppdikta utanom ein karakter, seier ho. 

Ho synst det er både kjekt og vanskeleg å skriva skjønnlitterære og faktabøker. 

– Kan bare dra seg til.. Bømlo!

Før Øystein Runde (36) sin berømte teikneserie Soga om Olav Sleggja, brukte han fem år på å laga ferdig. 

– Eg gjorde mange andre ting i løpet av desse åra, men det var heilt forferdeleg, sa Runde. 

Hans første og fremste ønskje var å lage ein teikneserie der lesaren opplevde historia som vikingane fortalte historiene sine til kvarandre.

Runde pleidde å låna bøker frå far sin for å vita meir om Olav Sleggja.

I slutten av bøkene hans, spesielt om Olav Sleggja, bruker han dikt frå andre personar fordi historia av Sleggja er basert på ein dikt som Runde laga ein teikneserie ut av. 

– Dei som synst at teikneserien er umorosame og uspennande, kan bare gå å dra seg til… Bømlo, seier Runde. 

I prosessen av å laga ein teikneserie, fortell Runde at det er viktig at leserane forstår handlinga på kvart enkelte bilde, viss ikkje må ein teikna ting enklare eller om igjen på ein dårlegare måte for at andre skal skjønna kva som skjer.

– Olav Sleggja er ei blanding av to kompisar, ein frå folkehøgskulen, og ein som spelte Sleggja i traileren som ligg ute på Youtube, fortell Runde. 

Runde seier sjølv at hans favoritthending i bøkene er cliff-hanger i slutten av bøkene. At ein heng utfor ei klippe utan å vita kva som skal skje.

LES OGSÅ: Ny rekord for Falturiltu