Mette Karlsvik
Publisert
Oppdatert 15.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foreldra mine las lite for meg. Far min var jo flygeleiar, og jobba veldig mykje overtid. Eg syntest at han “alltid” var på jobb. Far min døydde alt for ung. 51 år gamal fekk han kreftdiagnosen. Samstundes fekk sjefen hans frå same flytårn den same diagnosen. Dei døydde med vekers mellomrom. Dei målte stråling i tårnet, men fann visst ikkje uvanleg høge verdiar. Var dette tilfeldig? Eg måtte vere forsiktig for ikkje å grave meg ned i spørsmålet. Ein kan spekulere seg sjølv sjuk. Så går eg heller til metaplanet: Om slump:

Då radioprogrammet This American Life bad om slumpar som lyttarane sjølv erfarte, fekk dei 1300 historier. 1. mars kom radioprogrammet Ingen tilfelle? Ingen forteljing! Ifølgje dette nesten tusen år gamle kinesiske ordtaket, er slump prosaens og dramatikkens salt og peppar. Eller var det kva dei meinte? I følgje den forskinga som eg nemner over, opplever folk seg utvalde – særskilde – når dei støtt og stadig slumpar til å oppleve slikt. Det opplevast sterkt for den einskilde. Og korleis kan ein skrive ei kjenslehistorie utan patos? Prosa, den sobre typen, han utan versalar, utropsteikn, adjektiv, kjenslemarkører? I sober prosa? Bli med til Norsk Faglitterær Forfatter – og oversetterforening sin Faglitterære Årskonferanse 2013; 16. – 17. mars på Fornebu:

Mellom gamle Fornebu Flyplass og Sjøflyplassen ligg Scandic Fornebu. Der går eg inn, og ser etter faglitterære forfattarar, etter dei eldre professorane. I lunsjsalen ser eg eit følgje, dei sitt ved langbord med flasker på. Eg drar kjensel på ein kar, og går bort til bordet: Om de er frå NFF? På NFF-konferanse? Ja, er svaret, og Vær så god, sitt ned. Vi snakkar litt forbi kvarandre, eit tulleprat som toppar seg når kvinna spør om tårnet mitt: Kva tårn eg kjem frå. Tårn, seier eg, tenkjer du på Flytårn, seier eg, som trur at eg snakkar med ein forfattar no, og at ho kjenner til ei bok som eg har skrive som heiter Flytårn. “Ja, flytårn”, seier ho. Du bur på Torshov, det er vel Gardermoen då?” Å, nei, seier eg, eg var ein del på Kvernberget, men det er lenge sia “Flytårn” kom, seier eg. Kvinna: Så du er ikkje flygeleiar? Nei, eg er forfattar. Jøss, er du forfattar? seier ho. Ja, er ikkje du? seier eg. Nei, eg er her med mannen min, han var leiar i flygeleiarforeininga, NFF, seier ho, og synest det er så eksotisk, det at eg er forfattar at eg må seie namnet mitt, høgt tydeleg KARLSVIK, seier eg, akkurat når mannen hennar kjem att, og seier

Eg tilsette ein kar som heit Karlsvik, rundt 1970, seier han. Og far min var flygeleiar, Trygve Karlsvik, seier eg. Ja han Trygve, seier mannen, mumlar nokre årstal, og seier Det er nokre folk her som gjekk i lag med far din, seier mannen, reiser seg, og kjem att med fadderen til bror min, Oscar Douglas frå Sandefjord, som kallar meg med namnet mitt og klemmer meg og greier, mens flygeleiarkona tar seg til panna og finn fram luktesaltet og melder om at ho må opp på rommet, kvile seg litt, ja, omlag slik gjekk det, eg tar kanskje litt av, som ho tok av, leiarleiarkona: Det er jo ikkje berre eg som slumpar borti henne, ho slumpar også borti meg: Dette er hennar historie like mykje som meg. Og mannen hennar. Han raud på auga, og vil gå til rommet, seier han, og meiner at ja, dei får gå til rommet.

– Det var artig å høyre dette, seier eg då; Far min gjekk bort for tidleg, eg er glad for at du fortalte litt, seier eg.

– Det var vel ikkje berre han som gjekk bort, seier mannen då.

– Det var også sjefen hans, seier eg, og ser sjefen til far min: Han sitt ved eit bord lenger bak, mot lobbyen, den som vender ut mot gamle Fornebu Flytårn, eit av dei første som var bygga i oktogon form. Det finst matematiske formlar for å rekne ut dei fleste formar for slumpar. Matematikken har endåtil ein definisjon på slump, ein som legg til grunn at alle hendingar er like sannsynlege. Ein annan definisjon på slump er “utan medvite val”. Og det er denne eg legg til grunn når eg meiner at den kinesiske krydderhistoria tar feil; slumpar gir kanskje forteljaren oppdrift. Men det er ikkje sikkert at historia blir betre av det. Historier er ei trøyst for meg når eg merker forfattarmedvitet. Og eg seier ikkje nei takk til prosa eller dramatikk med gode protagonistar: folk som sett seg gode eller interessante mål, eller som på annan måte utforskar noko. Medvite. Erfaring er først erfaring når det også er erkjent og kjent. Eg kjente grøss på Fornebu i helga. Men sannsynet er stort for at historia kjennest størst for meg.