Nyttig engelskundervising

Framtida
Publisert
Oppdatert 14.11.2017 17:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TED.com er ein nettstad som gjer tilgjengeleg populære føredrag av leiande personar innan forsking, politikk og teknologi. Maks lengde på dei lett tilgjengelege føredraga er 18 minutt.

Alle føredraga er teksta på engelsk. TED.com oppmodar folk til å melda seg friviljug som omsetjarar til andre språk. Her kan du lesa meir om omsetjingsarbeidet, og korleis du og elevane dine kan melda seg som omsetjarar! (Passar nok best for vidaregåande skule!)

Etter at ein har meldt interessa for å omsetja eit føredrag, tek det cirka ei veke før ein får tilgang til å omsetja dette. Omsetjinga skal lesast gjennom av ein annan friviljug før det blir tilgjengeleg på TED.com.

Gje oss beskjed når du har omsett ein TED-video! Så kan det vera omsetjinga di hamna på framsida av Framtida.no!

TED bruker teknologien til dotSUB.com , og her er det fleire filmar som lett kan omsetjast!