Nettkurs i nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 14.11.2017 17:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språkrådet lanserer eit nytt nynorskkurs. Kurset rettar seg særleg mot elevar i den vidaregåande skulen og offentleg tilsette, men er ope for alle. Innhaldet er laga i tråd med nynorskrettskrivinga som gjeld frå 1. august 2012.

Nynorskhjelp

Øvingsrom for elevar i den vidaregåande skulen

Øvingsrom for offentleg tilsette

Quiz, utfylling og omsetjing
Du får raske og konkrete tilbakemeldingar på kva du kan, og kva du må øve meir på. Øvingane er varierte, med quizoppgåver, utfyllingsoppgåver og omsetjingsoppgåver. Brukarane kan setje saman øvingsrekkjer med dei emna dei vil trene på, og dei kan slå opp i ein kortfatta nynorsk grammatikk undervegs.

Kurset inneheld også tips om korleis du blir betre i nynorsk, det inneheld faktatekstar om nynorsk og undervisningstips til lærarane.

Ny rettskriving, nytt kurs
Øvingsoppgåvene og minigrammatikken i kurset følgjer den nye rettskrivinga for nynorsk som vert innført 1. august 2012. Språkrådet har laga ein brosjyre som forklarar hovudendringane i den nye rettskrivinga. Last ned brosjyren her [pdf].

Tips: Sjekk ut Kristin Fridtun sitt kurs i den nye rettskrivingsreforma på Framtida.no!