Mette Karlsvik
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjære de som har stått midt oppi det eller som har vener som gjorde det. Kjære de som ikkje har vener. Kjære de som har mista vener. Kjære de som kjenner dykk heilt utanfor dette som blir kalla verdas beste demokrati og system. Kjære alle vakre menneske der ute som ikkje veit kor vakre de er: Ver rause med meg når eg no skal forsøke å seie noko om 22/7. Eg sto midt i det, men kjenner meg likevel så uendeleg langt frå det.

15.23 sto Anders Behring Breivik utanfor Grubbegata 6 og drog ein hjelm over hovudet. Sju etasjar over i det same bygget trykte eg på heisknappen.

15.25 gjekk eg inn i heisen. Ein eld krøyp bortetter ei lunte i gata kor eg jobbar.

15.26 lukka dørene til heisen min seg med eit uvanleg høgt smell. Heisen rista. Ei bilbombe eksploderte utanfor Regjeringskvartalet. Det var byrjinga på ei hending som sette i gang enorme krefter. Store kjensler. Dei fleste kjenslene er ulovlege, ikkje passande, som hat. Det får ein ikkje kjenne i det ny-amorøse Oslove. Men også gjenkjenning type ”Eg har likskapstrekk med ABB”: ”Eg er også medlem i undergrunnsfora på nett (Underskog)” ”Eg trenar også”. ”Eg brukar også sminke”. ”Eg er også sjølvoppteken og tar meg sjølv høgtideleg”.”Eg skriv”. Og den verste: ”Eg kjente meg også utanfor klassekameratane på eit tidspunkt i ungdommen”.

Det var ein gong tidleg på ungdomsskulen det, at klassekompisane mine var delte i dei i Natur og Ungdom eller dei ”som festa”. Begge var dei sterke og ressurssterke ungdom som alltid var i lag, som var engasjerte og som sa i frå. Og som hadde kjæraster, var forelska i kvarandre og som gjekk med sørgeband i eitt år då dei mista ei av venninnene i gjengen sin. Eg var verken det eine eller det andre. Eg var ein heimesittar, ei som likte rommet sitt, stereoanlegget sitt, bøkene sine. Eg var utanfor då eg var ni, elleve, tretten. Og no får eg ein refleks som seier ”Men ikkje då eg var fjorten! Då hadde eg ein fellesskap som var min. Ein god ein!”. Og jau, det er sant det. Men eg hadde framleis vore meg. Eit heilt ok menneske. Ikkje overmenneske, ikkje undermenneske, verken det eine eller det andre, men litt av kvart.

Ei stund i ungdommen var eg veganer. Ei stund var eg jegar. Eg var i ytterkantane eit par år. Så balanserte eg ein plass mellom dei. Det tykte eg var mykje meir spennande og krevjande. Og her står eg i dag. Framleis verken det eine eller det andre, kanskje ganske anonym og keisam. Men i alle fall særeigen. Med litt av kvart har eg blitt mi eiga blanding. Ein bastard og ein blandingsrase, og på ingen måtar kvit, så klart, stundom raud, stundom grøn, men ofte ein plass i mellom. Og det er heilt greitt. Eg skadar ingen.

Ver ikkje redd meg. Ikkje ver redd menneske. Ver sånn passe redd. Ver klar over det når du er redd og ikkje. Redd nok til å springe frå eller bekjempe terror og trugslar. Men frykt ikkje terror og trugslar så mykje at du kjem det i forkjøpet. Med trugslar og terror. Det skapar berre meir vald.

Den kalde krigen var ein stillingskrig. Våpenet var frykt. Det betyr at det var få faktiske konfrontasjonar. Men ein kontant redsle for konfrontasjonar.

Krigen mot terror har òg vore basert på frykt. Han byrja med eit angrep frå ein politisk radikal saudiarabar kalla Bin Laden. Han haldt fram med krig mot Afghanistan, samt frykt for islamisme. Frykt for islamisme skal ha vore blant motivasjonane til terrorsikta Andreas Behring Breivik. Andre motiv han hadde, var korsfararane Sigurd Jordsalfare og kong Richard ”Løvehjerte”. Eg skriv løvehjerte i hermeteikn fordi folk flest har misforstått både han og Sigurd. Folk flest tenkjer utelukkande på dei i positive termar. Sanninga kjem kanskje best fram i Thorvald Steens historiske romanar ”Løvehjerte” og ”Konstantinopel”. Steen går i korsfararane sine fotspor. Og finn at Løvehjerte, som alle trudde forlot Midt-Austen med lansen høgt heva og med ein hær av 1000 menn, flykta frå verdsdelen med to kompisar til å vise vegen for seg.

Amerikanarane har framsett Osama Bin Laden som djevelen sjølv. Han har vore sjølve symbolet på islamisme. Altså på ein fundamental form for islam. Den fundamentale forma er ei enkel form. Eitt enkelt bodskap gjentatt. På tretti- og førtitalet, i Tyskland, var bodskapen Heil Hitler!

Men kva mange ikkje veit, er at Osama Bin Mohammad bin Laden var oppteken av poesi. Akkurat som den frykta islamkongen Saladin. Det var Saladin korsfararane drog ut for å ta livet av. Dei visste ikkje då at han las poesi. Eg visste ikkje før nyleg at Osama Bin Laden las poesi. ”Jo meir ein veit om eit menneske, jo vanskelegare er det å ta livet av han”.

Verken korsfararane eller Saladin var så enkle som ABB kanskje trur. ABB er ikkje enkel han heller. Vi skal ikkje halde kompleksiteten hans unna for å gjere det lettare å dømme han. Det kan bidra til å vedlikehalde ein spiral av vald og hat. Folk er rett og slett ikkje enkle. Folk flest er kompliserte. Folk flest har kvaler, dei dveler ved ting, dei tenkjer og vurderer ting, dei grublar. No og då trur enkelte menneske at det finnst noko anna. Som å gjennomføre valdelege handlingar utan kvalar. Som å vere eit. Eller anna. Ikkje både og.

Å dvele er å tenkje. Å dvele er å opne opp for nye mulegheiter. Å dvele gjorde eg 22/7 i tretida. Vi skulle altså ut og ta ei fredagspils. Eg og kollegaen min. Men skulle ikkje fleire vere med? Vi spurde nokre folk. Anniken sa ”Ja, eg kjem. Eg må berre gjere noko. Ser dykk om ein halvtime”. Var det ikkje for denne dvelinga, så var vi ute på gata då bomba sprang. Men det var vi ikkje. Vi sto i heisen. Det kunne ha vore fatalt. Men tilfeldigvis var det den rette plassen å stå. For, som sjefen min i Dagsavisen skriv: Var det ikkje for eit holrom under regjeringskvartalet, då kunne hus ha rasa saman. Hovudstaden var folketett denne fredagen i juli. Han hadde vore så vakker fram til 15.26 den dagen. Det var difor vi ikkje kunne vente med å kome oss frå arbeid. Det var difor vi gjekk til heisen, og skulle ned til Grubbegata, ut til Justisen og ta ei utepils. Halvliterglaset ville ha splintra i hendene på oss. Men det gjorde ikkje det. Vi er dei som klarte det, eg, du, de. Og vi skal ikkje gløyme det. Vi skal halde fram med å spreie den gode budskapen: Viss eit menneske kan ha så mykje hat, tenk på kor mykje kjærleik alle vi andre kan skape saman.

Orsak meg om eg har tråkka over nokon sine grenser, om eg har såra nokon, om eg har gjort nokon triste. Det var ikkje meininga mi. Eg er ikkje ein perfekt skrivar, tenkar, kjennar. Eg har feil.