Mette Karlsvik
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Post 22/7 tar sorg, varme og vennskap brodda av insekta. Det varer gjennom hundedagane. Men så, når august blir til september, oktober, då er det som om verda vaknar til liv og tar att for dei kvasse dagane vi glatta over. Det er ikkje lenger godt med folkesamlingar. Trikken er for trong, Torggata umuleg å sykle gjennom.

Tempo aukar igjen. Overalt er det nokon som vil ha noko, som vil innpå. Mot nord! Eg tar av frå Youngstorget via Møllergata, oppetter Uelandsgata. Landskapet opnar seg. Grassletter, gravplassar, velpleide hagar rundt Ullevål Sjukehus, Ullevål Hageby, beina blir brått tunge.

Eg kjem i hug ei tid på sjukehus, sitjande ved senga til ein som skulle døy. Hugser stilla, dei milde sjukepleiarane som gjorde kva dei kunne for han som sjuk var. Og han som sjuk var, som forsøkte i det lengste å glatte over sorga for meg som såg på. Stemma hans alltid så mjuk og djup, som for å glatte over dei høgare stemmane, dei som var vondare å høyre på. Ein som tråkka over fjellknausar kvar haust, tråkka dei ned, gjorde berg så vidt flatare. Eit filter mellom meg og alt som vondt var.

Ting festa seg i filteret til far min. Dei samla seg til framande legeme i kroppen på han. Først sette dei seg i dei minste romma. Seinare også i dei større romma. Far min blir bleik og tynn, får auger store som mandlar, hud farga som mandlar. Mandarinar, myrra, stearinlys, gylden whisky, Willie Nelson på platespelaren: Det var vanskeleg å få farge i kinna til far min den hausten. Han kjem seg ikkje opp om morgonen, har så vondt i eit bein. Kjem seg ikkje ut på hjortejakt, får ikkje opp Matlausen, Dugmålsfjellet, ikkje eingong til Sommarfjørvotta. Kreften kan ha vore i han så lenge som ti år. Han hadde vore til legen, det var ikkje det. Han hadde sagt i frå om symptom, det var ikkje det. Så kva var det då?

At han til slutt ikkje kom seg til legen?

Det finst dei som er for sjuke til å kome seg til sjukehuset,

som er for dårleg behandla til å klage på behandlinga,

som er for triste til å klage medier inn for PFU etter tragedier.

Det har vore forsvinnande få klager mot norske medium etter 22/7.

Dei som sørgjer har så mykje anna.

Å klage er eit overskotsfenomen. Overlegane, sjefredaktørane, andre toppar held fram med å vere på overskot. Dei sterke blir sterkare, svake svakare. Eller? Vi har jo eit knippe idealistiske gravejournalistar i avismagasin. Fleire av dei står på dei svake si side, snakkar dei minste sin sak, gir stemme til dei som elles ikkje har ei stemme. Og vi har kommentatorar og kronikørar som no og då talar rettvisa sin sak.

Men det finst framleis overordna, institusjonelle ting som står i vegen for rettvise og utlikning av ubalanse kva maktforhold gjeld. Ta dette med helsevesenet til dømes. Det kunne nok ha vore fleire gravesaker og avsløringar frå den sektoren, om det ikkje var for teiepliktparagrafar, til dømes. Dei skal vere til for personvernet, for å beskytte pasienten. Men i verkelegheita beskyttar dei legane. Legane beskyttar kvarandre innanfor sjukehusinstitusjonen.

Kven tar vare på kvarandre her ute i den fri verda? Førre veka sette Torgrim Eggen, Heidi Nordby Lunde og Vidar Kvalshaug «fokus på norsk debattkultur og dens ukultur». Kvalshaug skreiv i Aftenposten: «Forhåpentligvis har debatten flyttet sivilisasjonsnivået noen millimeter opp. Det betyr ikke at vi skal slutte å være ukorrekte, progressive og småfrekke (…)».

Det skjer bare månader etter 22/7, at nokre av dei aktive samfunnsdebattantane igjen må gå ut og åtvare mot kommentarfeltfascismen. Eit par månader fekk vi med noko meir ettertanke, klokskap og varsamheit i kommentarfelta. Eg samlar dei i handa som ei rose, og ber med meg inn i vinteren. Det blir snart kaldare, folkens, det blir snart mindre dagslys. Adrenalinet, varmen, sola som har holdt mange gåande sidan 22/7 vil no dempe seg. Vi må halde eit auge på kvarandre og fange opp mulege problem før det får gå langt. Før kroppane sjølve byrjar å seie i frå om dette og hint. Då har det gått for langt.

Hundedagane byrjar med at Sirius, Hundestjerna, ligg over Nilen. Egypt blir så heitt som Egypt kan bli. Algar blomar, drep anna liv i havet, forråtninga er både over og under vatn.  Hundedagane sluttar med at Sisius passerer over. Røtmånaden kjem og går. Hundane, som kjente ròtenskap og forråtning på kroppen, har roa seg. Hausten kjem. No skal vi ta vare på kvarandre, spare på kreftene, bli sterkare. Alle skal vi bli sterkare no. Både dei som sterke var, og dei som ikkje var det.