Ei strandsone for alle, eller la oss omformulere setninga; ei strandsone for menneske som vil ha ro til å ro.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ro
Det er kun når vi planlaust ferdast
gjennom bognande beitemarker,
at vi oppdagar jagarflya
som ligg gøymt i det høge graset,
dei som sumarstid styrer stranda
ved å samlast og stupe mot oss,
– med beljande skrik, og i hopetal –
når vi nærmar oss brygge og båt.
Neste vår vil vi veivande springe
over samtlege graskledde åkrar,
for å skremme fram kvar og ein rovfugl
som sit stille i skjul mellom stråa,
tvinge tjuvane vekk ifrå tomta,
fjerne egga, og endåtil reira,
– for strandsona skal bli verkeleg vår –
slik at folk kan få fred til å ro.