Framtida
Publisert
Oppdatert 08.11.2017 16:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Graset har vore grønt, sola har skine frå meir eller mindre skyfri himmel, medan dei regnsugne måkene klagande har foke over hustaka.

Eg har nytt kvart eitt sekund. Eg har lege strekk ut i alt det grøne; høyrt vepsar og myggar summe forbi, medan ei og annan feit humle har buldra over hovudet mitt som ein tunglasta airbus. Eg har høyrd late bølgjer strekkje seg etter dei øvste sandkorna på stranda, medan hylande ungar har hoppa frå steinmoloen og ut i det avkjølande sjøvatnet.

Eg har lese side opp og side ned i meir eller mindre gode krimbøker medan hammocken har vingla og knirka under meg og det sprudlande grøne bjørketreet over meg har truga med å dette i hovudet på både meg og krimbøker.

Eg har kjent lukta frå tennvæske på naboen sin grill, latteren deira frå ein stad bak tujaen. Sommarfuglar har foke forbi meg på lydlause venger, medan eg har prøvd å finne ut kva dei kvite bomullsdottane høgt der oppe i alt det blå eigentleg skal førestille.

Alt var bra; den brennande sola på Kreta og det klukkande, lunka Middelhavet, men så kom eg fram mot slutten av boka.

De som er fan av Henning Mankell, og ikkje minst Kurt Wallander, og som ikkje har lese den siste boka hans ”Den urolige mannen”, må slutte å lese nå med ein gong!

Eg forsto at det var noko som skulle skje, at det var noko som skulle få ein slags slutt, men ikkje Kurt Wallander. Dei stadige tomromma i hukommelsen hans, oppsummeringar av hendingar i livet hans over fleire år, barnebarnet som kom og mange fleire ting som stod der svart på kvitt, så tydelege som fruktseljarane og massøsene mot Kretas himmel. Historia om Kurt Wallander, min Wallander, enda der. Eg var utan ord. Skulle det nå vere slutt på etterforskaren frå Ystad? På ein slik måte?

Eg har ennå tungt og vondt for å forstå det og godta det.

Eg prøvde å trøyste meg med ein annan svensk krimforfattar – Camilla Läckberg, men også det enda i noko eg ikkje ein gong vil tenke på. Det er trist, bare uendeleg trist. Kurt Wallander er borte… Hausten blir ikkje den same. Ikkje i det heile tatt.