- ein oppvekstroman i miniformat!

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er jo ei gong slik, anten vi likar det eller ikkje, og svært ofte likar vi det ikkje, at det vi opplever i oppveksten pregar oss seinare i livet, ofte på eit vis vi på førehand aldri hadde kunna førestelle oss.

No.

Sentralt i oppveksten står som kjent oppvekststaden. (Eg veit sjølvsagt at det i våre dagar ikkje er uvanleg å vakse opp både her og ikkje minst der, og at somme difor har mange ulike oppvekststader og ikkje berre ein, men kan vi ignorere det ein augneblink?).

Personleg kjem eg frå Jæren, og når eg fortel folk dette, opplever eg ofte at dei vert svært overraska, og gjev uttrykk for at dei synest synd i meg som må bere så tung ei bør.

Overraskinga skuldast som oftast at eg som person ikkje samsvarer med det biletet dei har av den typiske jærbuen, altså ein fåmælt og tungsindig kar som lever tunge dagar fylt av mismot medan han går grublande fram og attende langsmed riksvegen, stirar ned i bakken og sparkar etter småstein.

Denne førestellinga om korleis folk på Jæren er, kan ha sitt opphav mange stader, og ein av dei stadene ho utan tvil har sitt opphav er i forfattarskapen til Arne Garborg (1851-1924). Garborg er, utan særleg konkurranse, Jærens største forfattar gjennom alle tider. Eg veit ikkje om det framleis vert sett på som viktig, men då eg gjekk på skulen, i gamle dagar, vart det sett på som svært viktig at vi skulle lære om den lokale kulturarva vår, og sidan Garborg var ein sentral del av denne kulturarva, lærte vi ein del om Garborg.

Det vi lærte om Garborg var følgjande:

Far til Garborg var ein ravgalen psykopat med nevrotiske og/eller paranoide trekk. Han trudde så intenst på Gud at han aldri var glad i heile sitt liv. Difor dengte han den unge Arne og mor hans kvar einaste dag. Til slutt orka han ikkje meir og hengte seg i fjoset. På grunn av dette vart Garborg forfattar.

Det vart aldri forklart om han, altså far til Garborg, trudde på Gud fordi han var ein ravgalen psykopat, eller om han var ein ravgalen psykopat fordi han trudde på Gud, men poenget var uansett at gudstrua var ein skadeleg ting, som gjorde Garborg senior til eit ukontrollerbart monster som fråtok son sin retten til ein fri og lukkeleg barndom, og påførte han kjenslemessige sår som berre kunne lækjast ved at han i vaksen alder skreiv bøker om religiøs dobbeltmoral og intoleranse på den norske landsbygda, meir spesifikt sin eigen oppvekststad, altså Time sokn på Jæren.

Sidan Garborg, som nemnt, var ein stor forfattar, har framstillinga hans av korleis livet er på Jæren festa seg i det folkelege undermedvitet, og mange trur difor at alle jærbuar utan unnatak framleis er dystre, fåmælte, melankolske og suicidale, slik dei, ifølgje Garborg, var for 150 år sidan. Personleg er eg ofte melankolsk, men aldri suicidal, og dyster og fåmælt er heller ikkje adjektiv som høver særskilt godt for å beskrive meg. Det er nok dette som ofte får folk til å undrast: Han seier at han kjem frå Jæren, men oppfører seg ikkje slik som vi ventar oss av ein person som kjem derfrå, kva er no dette, tenkjer dei, og vert straks skeptiske og mistruande, på vakt overfor meg, som var eg ein dei ikkje heilt kan stole på.

Dette er korkje uvanleg eller overraskande. Vi likar at folk er slik vi ventar oss at dei skal vere. Viss ikkje vert vi urolige og usikre på vår eigen plass i verda. Det er normalt å generalisere. Nordmenn (ei generalisering) likar til dømes ikkje sinte somaliarar som kjønnslemlestar døtrene sine og ikkje snakkar skikkeleg norsk. Samstundes likar vi å tenkje på somaliarar som sinte folk som ikkje snakkar skikkeleg norsk og kjønnslemlestar døtrene sine. Dersom ein nordmann møter ein somaliar som tek avstand frå kjønnslemlesting, og som gjev uttrykk for denne avstands-takinga ved hjelp av grammatikalsk og idiomatisk sett perfekt norsk, til dømes ein velklingande Valdres-dialekt, ja då vert nordmannen skeptisk, og tenkjer anten at somaliaren freistar å lure han, altså at han berre latar som om han er motstandar av kjønnslemlesting og snakkar Valdres-dialekt, eller han, altså nordmannen, tenkjer at somaliaren er ein usmakeleg, smiskande people-pleaser som ikkje respekterer sin eigen kulturarv, og som difor burde skamme seg!

Som vi skjønar: Det er ikkje lett. Eg veit ikkje kva dei lærer på skulen i Somalia, men på Jæren lærte vi, som nemnt, mellom anna at kulturarva var viktig, og at ho skulle respekterast. Dette var nøkkelordet. Respekt. Ikkje glede. Ikkje entusiasme. Ikkje kjærleik. Men respekt. Og når eg no tenkjer over dette, så slår det meg at eg, nett som den kjønnslemlestings-fornektande somaliaren frå Valdres, burde plagast av ei viss skuldkjensle fordi eg ikkje plagast meir av skuldkjensle enn eg gjer.

Eg skjønar at det ville vere betre og enklare for mange dersom eg var ein tynga og plaga person, dersom eg til dømes leid av post-traumatisk stress-syndrom etter ein oppvekst prega av religiøs indoktrinering og vald, men diverre hadde eg ein overmåte harmonisk oppvekst i trygge og gode omgjevnader. (Eg seier ikkje at eg aldri opplevde noko fælt, men kom igjen, alle barn opplever noko fælt, det er dét som er å vere barn!). Eg skjønar at eg burde vere ein forpint og forhutla sjel, og at eg burde gje klart uttrykk for dette når eg møter nye folk, slik at dei ikkje treng å undrast over kven eg er og kor eg kjem frå. Eg skjønar alt dette no. Men diverre, det går ikkje, det er for seint for meg no, oppveksten min var ikkje eit helvete, og det seier eg meg svært lei for.