Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lengst sørvest i Danmark ligg den vesle landsbyen Rudbøl attmed elva Vidå. Det vil seie – på den eine sida av elva ligg Rudbøl, på brua står det grenseskilt til Tyskland, og dermed er vi i den tyske landsbyen Rosenkranz. Nesten. For på den tyske sida er det ein liten flik Danmark. Grunnen er språkleg.

I dette flate landskapet var det kampar mellom Danmark og Tyskland på 1860-talet, og landområde som tidlegare hadde hørt til Danmark, vart lagde under Tyskland i 1864. I store delar av dette området snakka fleirtalet dansk. Mange likte det dårleg, og ville absolutt ikkje høre til Tyskland.

Ville vere dansk

Etter fyrste verdskrigen (1914-1918) skulle ein internasjonal grensekommisjon så gå opp grensene mellom dei to landa på nytt. I denne kommisjonen var det med folk frå Tyskland og Danmark, og frå Japan, England, Frankrike og Italia.

Gardbrukaren Anton Nielsen, dansk i språk og sinn, greidde å få garden sin lagd under Danmark, sjølv om han låg på feil side av elva. Det fortel eit oppslag på veggen til den danske grensekontrollen ved Rudbøl/Rosenkranz, og dette var så interessant at eg skreiv av historia. Landmand Nielsen hadde støtt drømt om å få høre til Danmark, og oppsøkte grensekommisjonen for å spørje om det kunne vere mogleg:

Ein glup japanar

“Ja, sa japanesaren, “hvor mange hektar land drejer det sig om?” Han tenkte nok at det var jorda det handla om, og ikkje at det var ei hjartesak. “Ca 200 ha (hektar), tror jeg”, var svaret Anton Nielsens gav. “Nå, så småligt ser vi ikke på det i Japan; men hvad med dine naboer og genboer?”

Anton Nielsen meinte at dei fleste på sida av vegen han budde ved ville vere danske, men på den andre sida låg kroa, og sjølv om dei var gode naboar og tala dansk, som alle her i gata – så visste han ikkje om dei ville vere med inn i Danmark.

Japaneren tala med dei andre i kommisjonen, som han hadde gjort fleire gonger tidlegare, og så sa han til Anton Nielsen: “Nu får I lov til at have en lille privat afstemning her i gaden, og så ser vi resultatet”. Og det gjorde dei.

Resultatet blei sju tyske og fem danske stemmer; men utanom dei som hadde stemt var det to koner som hadde menn som var falne i krigen. De to enkene ønska å kome med til Danmark, men av omsyn til krigsrenta deira hadde de ikkje hatt mot nok til å skrive under. Kommisionen forhandla på ny, og så sa japanesaren: “Nu vil vi skabe verdens mærkeligste grænse, hvor mennesker – ja et enkelt menneske – får sit livs store ønske opfyldt.”

Eit stykke Danmark på tysk side

Dette førte til at garden som Anton Nielsen åtte, ligg i Danmark, og på den andre sida av gata ligg kroa, i Tyskland. Når ein kjem frå Rudbøl og dreg over Vidå, møter ein fyrst den danske grensekontrollen, og eit gardsbruk og nokre andre hus ligg rett attmed. Ei raud stripe markerer grensa, og nokre tital meter lenger ned i gata kjem ein til den tyske grensekontrollen, og der skiftar staden namn frå Rudbøl til Rosenkranz. Dette må kunne kallast ei ekte språkgrense!

Det finst forresten ein god del danskspråklege i den tyske delstaten Schleswig-Holstein og nokre titusen med tysk som fyrstespråk sør i Danmark. Kvar av gruppene har eiga dagsavis, eigne skular og kulturorganisasjoner. Men det er ei heilt anna historie, og ikkje så søt som denne.