Når Haugtussa hjelper oss i danningsarbeidet

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.11.2017 17:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er ei utsegn som fort kan dukka opp i ein norsktime. Men kan me gjera sidemålsundervisinga relevant og spennande? Skal me utfordre den metakognitive læringa – å tenkje på det å tenkje, har me her gjeve oss eit svært negativ utgangspunkt for eleven. På same måte skal me få dei med oss på å bruke dei personlege læringsverktøya (PLN) som finst (Svend Andres Horgen, Synkron 1:12). I kompetansemåla i norsk for studiespesialisering er det klare mål for å skrive kreative, informative og resonnerende tekster, litterære tolkninger og retoriske analyser på hovedmål og sidemål med utgangspunkt i norskfaglige tekster Som lærarar skal me bidra til danning. Nye generasjonar skal bli kjent med kulturarven vår slik læreplanen også legg opp til. Utfordringa er til dømes å gjere eldre “kanoniserte” tekstar relevante for målgruppa. Elevane kan reprodusera tekstar frå Haugtussa av Garborg. Men, kan dei, eller ser dei poenget med å drøfte teksten i høve til den tida dei er skrivne i eller tida dei sjølv er ein del av?

Arne Garborg som student
Mykje tyder på at dette ikkje er tilfelle. Dette gir skulen ei viktig utfordring; å gje elevane ei skrivekunne eller Literacy i møte med t.d. Garborg. Skrivekunne er ei dynamisk og funksjonell evne til å analysere dei konkrete praksisane du blir involvert i. (Svein Østerud 2007). Det er ikkje lenger nok å kunne lese og skrive, du treng også digital kompetanse. Å bruke ulike multimediale strategiar kan gjere tilnærminga til stoffet lettare. (Jon Hoem og Ture Schwebs 2010:14-18) Det er vel kjent at mange elevar slit med å motivere seg sjølv til å ta del i sidemålsundervinga når den er nynorsk. Det er gode døme på korleis ein kan fjerne terskelen ved å bruke sosiale media i norskundervisninga. Me kjenner til gode erfaringar frå skulesituasjonar der ein nyttar sosiale media som plattform for undervisninga. Då er nynorsk målforma når kommunikasjonen skjer på fjesboka. (http://www.norskundervisning.no/images/stories/norsklaereren/nr0310/facebook.pdf.) Skal me gjere Haugtussa tekstar (http://h7.8k.com/garborg/haugtussa03.html) interessante for elevane, kan me presentere dei på ulike måtar. Å setje saman teksten med bilete , film, illustrasjonar osv, vil utvide forståinga av teksten. Når me kombinerer fleire uttrykksmåtar, kan tekstane skape nye bilete og teoriar. Fotografi og musikk vil ofte engasjere kjenslene våre, og i kombinasjon med skriftspråket kan det forme nye forståingar. http://ndla.no/nn/node/24680

Elsk
Den galne Guten min Hug hev daara;
eg fanga sìt som ein Fugl i Snòra;
den galne Guten, han gjeng so baus;
han veit at Fuglen vil aldri laus.
(Første vers Elsk i Haugtussa)

I denne samanheng kan me la klassen få høyre Valkyrien Allstars og Lynni Trekrem sine tolkingar av den same teksten (Elsk) henta frå Haugtussa. Å bruka digitale verktøy i tilnærminga til sidemålet viser seg å fungera. Ei eiga gruppe på ”Fjesboka” der ein drøftar problemstillingar i norskfaget er her ei god løysing. Her skjer diskusjonar og drøftingar av dei problemstillingane klassen arbeider med. I døme vårt ser me ein tekst med stor variasjon i måten det musikalske bilde og stemninga blir ramma inn i.

Veslemøy
Læraren må leggje grunnleggjande føringar for korleis stoffet skal presenterast og arbeidast me: Men, i staden for å individuelltilpassa undervisninga og aktivitetar la elevane aktivt sjølv forma sin PLN –metodikk. Mine erfaringar er et me her gjer teksten relevant for elevane og det samfunnet dei er ein del av. Du aktiviser klassen, dei får bruke eit media dei kjenner og bruker mykje. At målforma er nynorsk skjer mest utan kommentarar. Det blir spennande å forstå nyansane i teksten og tydingane av den. Utifrå tida den er skriven i og dagen i dag. For at dei skal greie det, må dei tilegna seg forståing av einskilde ord og stemningane teksten skildrar. Å forma framtida krev kunnskap om fortida. Tolkingsfellesskapet som her blir etablert (konstruktivistiske tradisjonen), er viktig for det danningsarbeidet me skal bidra til. Gjennom slike tolkingsfellesskap utfyller dei kvarandre og bakgrunnen dei har. Kompetansen dei alt har tilegna seg kan også vere med å førebyggje digitale skilje. Det krev ikkje nødvendigvis gitte kunnskapar eller ferdigheiter for eleven, men evne til å mobilisere fleire ressursar for å takle utfordringar og negative haldningar til nynorsk gjennom Haugtussa si kraft. (Svein Østerud 2007)

Attgjeve med løyve frå bloggen Nashornet.