Debatt om flyktningsituasjonen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.11.2017 17:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No i januar har eg vore på fleire skular i Stord og Fitjar for å halda ei innleiing om flyktningsituasjonen og eit kurs i debatt. Etterpå hadde elevane debatt om korleis me kan ta i mot dei som kjem på ein god måte og korleis ein kan jobba for å motarbeida rasisme.

Seinare fekk dei òg besøk av forfattaren Simon Stranger. Elevane hadde på førehand lese Barsakh eller De som ikke finnes, som har ei sterkt historie om båtflyktningen Samuel.

Elevane har jobba mot det som står i læreplanen for samfunnsfag og norsk.

Dette heiter det i læreplanen for samfunnsfag:
– gjere greie for omgrepa haldningar, fordommar og rasisme og vurdere korleis haldningar kan bli påverka, og korleis den einskilde og samfunnet kan motarbeide fordommar og rasisme
– gje døme på og diskutere kulturelle variasjonar og drøfte moglegheiter og utfordringar i fleirkulturelle samfunn

For norsk heiter det:
– delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon

Før eg kom til skulane senda eg melding til lærarane om at elevane gjerne kunne førebu seg med dette:
Eg føreslår at dei kan få sjå Debatten på NRK frå 23. april i 2015: https://tv.nrk.no/serie/debatten/NNFA51042315/23-04-2015
Fint om dei kan få høyra dei første ti minuttane, som handlar om flyktningkrisa, og frå 21:40 minutt, då det er debatt.

Her er lenkjer til nokre artiklar som det kan vera fint om elevane har lese på førehand:
http://www.framtida.no/articles/syrarane-bestemmer-ikkje-over-si-eiga-framtid
http://www.framtida.no/articles/fekk-opphald-og-snart-far-dei-hus
http://www.framtida.no/articles/integrering-via-fotballen
http://framtida.no/articles/krf-atvarar-kommunar-som-stenger-asyldora

Ekstra lesnad:
http://www.framtida.no/articles/lett-a-ta-skylappar-pa
http://framtida.no/articles/her-kan-det-ikkje-vera-noko-gi-og-ta
http://framtida.no/articles/noreg-fjerde-best-pa-integrering
http://www.framtida.no/articles/ungdom-krev-handling-i-flyktningkrisa

Her er presentasjonen eg heldt:

Under presentasjonen og debattkurset hadde eg dialog med elevane om mellom anna kvifor me har debatt, korleis ein er nøytral, kva som er gode spørsmål osv.

Etter dette blei elevane delt inn i grupper for å å diskutera problemstillingane som vist i presentasjonen. Dette fekk dei 20-30 minuttar på. Etter dette stilte ein elev frå kvar gruppe i debatten. Debatten blei leia av to elevar. Eg synest det blei gode debattar, og i nokre av klassane var diskusjonane så gode og elevane så engasjerte at me heldt på inn i friminuttet og akedagen også. Innleiing, debattkurs og debatt tok totalt to skuletimar.

Nokre lærarar vil kanskje vegra seg for å diskutera eit tema som er så pass omdiskutert, men eg synest det gjekk veldig fint. Kanskje hjelpte det at me før debatten sa at alle skal omtalast med respekt.

Har du spørsmål til opplegg, så er det berre til å spørja!