Amtmannens døtre – ei fantastisk oppleving

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amtmannens Døtre er ein roman skrive av Camilla Collet og kom ut i år 1854-1855. Boka er ein kjærleiksroman, som eg fekk eit spesielt godt inntrykk av då eg las ho.

Denne romanen har gitt meg timesvis med fornøying og ein berg-og-dal bane av tankar. Denne romanen gav meg uendelege timar i eigne tankar og har gitt meg ein eigen  forteljing som berre eg kunne sjå. Denne romanen gav meg ro, alt anna vart utestengd. Det var berre eg og boka, i ei heilt anna verd som ingen andre enn eg visste om. Ingen andre såg eller tenkte det eg gjorde då eg las, ingen andre enn eg og boka. Det er slik alle romanar burde vere, dei burde gripe fatt i lesaren og ikkje gi slepp til den endelege slutten av det som kan kallast verdas beste roman.

Det du går glipp av, kan vere å ha det mest følsomme augeblikket, der stilla omfamnar deg, og du berre blir slukt inn i boka. Då er det ingen andre som kan øydelegge dette perfekte augeblikket mellom deg og dine eigne tankar, som berre du og boka veit om.

Skildringa frå både Sophie Ramm og Georg Cold gjorde at eg fekk sjå korleis det var å vere både kvinne og mann på denne tida. Det var openbart store forskjellar mellom dei to kjønna på den tida, det får eg spesielt inntrykk av på dei ulike pliktene som vart delt ut, og ikkje minst skildringane i teksten. Sophie og Georg var skildra som utruleg forelska i kvarandre, men dei gifta seg ikkje. Då merka eg godt at kjærleiksvilkåra som gjeldt mellom kvinner og menn på den tida, var heilt umoglege å tenkje seg til i dag.

Delen der hennar tre systre er gifta bort til menn dei eigentleg ikkje elskar, knakk eg brutalt saman. Inga bok har klart å gjere meg så emosjonell som eg vart då eg las denne. Dei stakkars kvinnene som levde så ulykkelege, utan å kunne uttale seg om forholdet ein einaste gong. Ei kvinne burde få uttale seg om kva det enn no skulle vere. Ei kvinne er like mykje verdt som ein mann, vi er alle menneske. Kvinner er ikkje meint for å tie. Vi er meint for å ytre oss sjølv, spreie glede, og ikkje minst ta eigne val om vår eiga framtid. I denne boka fekk eg kjenne på både glede, sorg, skuffelse og ikkje minst ei fantastisk oppleving. Denne boka anbefalast på det aller sterkaste!

Fakta

Henriette Vik (14) fekk heiderleg omtale av juryen i skrivekonkurransen til Framtida.no, Magasinett og Falturiltu om kva skjønnlitteraturen og klassikarane kan gi oss. Ho er elev på Flora ungdomsskule.