Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 02.11.2017 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For åskodarar kan det såkalla årsmøtet likne noko av ei syforeining, og inntrykket var ikkje nettopp annleis denne gongen heller, då eg entra lokalet og spankulerte like bort i kakefatet. Men naiviteten skulle tidsnok straffe seg.

Formannen sprada tilforlateleg imot meg med kaffikoppen i handa. “Vi skulle hatt litt ungt blod inn i styret,” sa han. “Jaha …” svara eg spørjande. Var eg ikkje ein idiot, ville eg sjølvsagt vike sleipt og umerkeleg unna. Men i staden vart eg ståande. “Du kunne kanskje tenkje deg ein plass?” “Vel,” freista eg, plutseleg merksam på alvoret i situasjonen. Men den gamle reven hadde dådyraugo på seg, og feig som eg er fullførde eg aldri setninga. “Bra!” rakk han å parere. “Då seier vi det slik.”

Då sa vi det slik, og det var ikkje enklare når sjølve møtet langt om lenge byrja, så nyhendet vart offentleggjort for hopen. No hadde formannen jamvel eit visst islett av sympati i røysta, men publikum gav seg sjølvsagt til å applaudere. Denne utspekulerte gesten appellerer til byrgleiken i oss, og ingen kan avvise heider. Altså var eg med. Evig og ubønhøyrleg med. Fyrste styremøte: Onsdag i neste veke! Då hadde eg planlagt TV-kveld, men våga ikkje eingong nemne det.

Gud hjelpe meg, tenkte eg. Då eg kom til styremøtet, endåtil som fyrstemann, var bordet dekt med bollar og kaffi. Etter kvart som rådet innfann seg, snakka dei litt om laust og fast, og alt var i grunnen triveleg. Men så kom formannen i hus. “Denne er til deg,” sa han, og lempa ei bok opp i fanget mitt. Einar Gerhardsen, Tillitsmannen. “Nyttig lesing,” føydde han til, og alle dei andre nikka samtykkjande. Nyttig lesing, ja. Minst like nyttig, fekk eg vita, var lefsa med agenda, rekneskap og medlemslister. Av gamal vane kunne formannen enkelt vise til hundre tal med éin finger, og likeins slå i bordet med forhistoriske statuttar om einkvan byrja utfordre den innarbeidde rutinen. Fyrste punkt på dagsorden var diverse innstillingar. Kasseraren hadde høyrd eg fekk toppkarakter på ein skulestil i niande, og plutseleg var eg dømd til sekretær utan nemneverdige lauslatingssjansar. Pennen og papiret vart lenker om beina.

Stad, referent, til stades og ikkje til stades. Så langt er allting greitt. Men ettersom ein avanserer nedover arket, skal tallause punkt og underpunkt fordelast uklanderleg etter veike minne om kakling i ein hønsegard. Språk som i kanselliet, tørre termar og tørre fakta. Alt dette for fellesskapet – som knapt nok veit eg eksisterer. Kor tidleg skal ungdomen ljote tenkje i slike banar? Byråkratiet er fullt av makabre scener. Bør ikkje einkvan setja aldersgrenser?

Du er i alle fall åtvara. Finst det eit ledig verv, sky det som pesten. Det og alle ikring det. Gå aldri på møte. Talar nokon til deg, spring. Ringjer det på døra, gøym deg under teppet. Hogg ned postkassa. Barrikadér deg i kjellaren. Byråkratiet kviler aldri.