Ola A. Hegdal
Publisert
Oppdatert 01.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ombodsmenn er ei genuin skandinavisk sosialdemokratisk oppfinning, så til dei grader at det er eit av dei få svenske orda som har etablert seg i engelsk (Det heiter faktisk ”the ombudsman”.). Og tanken bakom ombodsmannen er naturlegvis god. Han skal tale saka for vanleg folk som ikkje er så taleføre sjølv: born, forbrukarar, privatpersonar, pasientar.

Problemet mitt med ombodsmenn går ikkje så mykje på kva dei seier, men årsaka til at dei seier det. For ein ombodsmann må alltid seie det ein forventar av han. Ein ombodsmann kan ikkje seie det han meiner, bortsett frå om det han meiner tilfeldigvis skulle passe med den jobben han har. Når ein ombodsmann uttalar seg, er det i ein viss forstand ikkje eit menneske som snakkar, men ein jobb.

Når sist høyrde du ein ombodsmann seie noko fullstendig uventa? Når høyrde du likestillingsombodet komme med ein flåsete kommentar om likestilling? Når høyrde du barneombodet kritisere barn?

Personleg synest eg det hadde vori utruleg forfriskande dersom barneombodet ein dag hadde sagt: Ungar, no må de ta dykk saman! Slutt å rote utover leikane dykkar, og ikkje minst: Hald opp med alt det infernalske bråket!

Eg skulle gjerne sett ei pressemelding frå forbrukarombodsmannen der det heiter at no må forbrukarane begynne å bruke hovudet og slutte å kjøpe alt slags fjas. Eller ei utsegn frå personvernombodet (populært kalla Datatilsynet) der det heiter ”Pytt, pytt. Personvern er no heller ikkje alt her i verda.”.

I røynda vil det alltid vere snakk om å balansere fleire interesser opp mot kvarandre, på den eine sida bør einskildpersonar sleppe å bli overvaka, på den andre sida treng politiet å innhente informasjon for å hindre og straffe kriminelle. Men personvernombodsmannen ser berre den eine sida av denne saka, fordi det er jobben hans.

Kvart år går vi glipp av mange interessante synspunkt, fordi vanlege folk tilpassar meiningane sine til jobben, karrieren og lønnsslippen. Det er difor synd at dei einaste profesjonelle meiningsytrarane som blir betalt av det offentlege, i enda større grad enn resten av oss er nøydd til å tilpasse meiningane til jobben og lønsslippen.

Kva kan vi gjere med dette? Løysinga er så opplagt at den står i overskrifta på denne synsinga (som dessutan er skrive nesten heilt utan tanke på min eigen jobb og lønsslipp): Det offentlege må opprette eit eige kverulantombod.

Kverulantombodet har til oppgåve å alltid motseie alle andre. Spesielt har kverulantombodet til jobb å kritisere standpunkt som det er stor offentleg einigheit om. Dess einigare folk er om ein ting, dess meir oppsett blir kverulantombodet på å grave opp fakta og forhold som taler imot det.

Dersom folkemeininga skifter, må kverulantombodet straks skifte side og begynne å argumentere mot det standpunktet det sjølv hadde før, noko som ikkje affiserar kverulantombodet det grann. Dess meir upopulært og ulønsamt det er å meine noko, dess meir blir kverulantombodet oppsett på å finne dei best tenkjelege argumenta for det.

På denne måten vil vi vere sikre på å alltid ha tilgang til dei beste argumenta for dei upopulære standpunkta. Dei beste argumenta for dei populære standpunkta klarer som regel å finne vegen fram heilt av seg sjølv.

Eg innrømmer at kverulantombodet kanskje høyrest ut som ein tullete ide. Men tenk litt på det. Så lenge dei fleste menneske har meiningar som er rette for den jobben dei gjer, hadde det vori ei fin avveksling om det hadde vori éin som hadde hatt til jobb å ytre dei meiningane som er heilt vrange.