Av og til kjem folk eg kjenner tilbake frå reiser i andre land, og fortel om kor fælt det er å sjå på fattigdommen der. Dei kjenner seg altfor kvite og rike, og slit med dårleg samvit. Det verste, seier mange, er å sjå den enorme forskjellen blant folk. Dei mange som er så fattige at dei er sjuke og magre og må tigga eller selja seg sjølve eller det vesle dei har, og dei få rike som har ein slik veldig rikdom som dei må verna med piggtrådgjerde og væpna vakter. Koss kan dei leva slik, dei rike, når dei veit at folk døyr av fattigdom eit par kvartal lenger borte?

Framtida
Publisert
Oppdatert 01.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter den andre verdskrigen, då den forferdelege sanninga om konsentrasjonsleirane og jødeutryddinga blei rulla opp for fullt, var det mange, ikkje berre tyskarar, som sa at dei ikkje hadde visst kva som skjedde. Det var sikkert rett då, i 1940-åra, før fjernsynet og internettet og heile den globale informasjonsstraumen kom, slik me kjenner det i dag. Men kva med oss som lever no? Har me noka orsaking i det heile? Me veit jo godt kva som går føre seg. Me ser på fjernsynet at folk døyr av svolt og fattigdom, eller i såkalla naturkatastrofar som kjem av rovdrift på naturen. Me kan lesa bloggar på internettet med rapportar om undertrykking og tortur. Me ser fangar sitja i bur med hetter over hovudet. Og likevel held me fram med liva våre som før. Me køyrer bil og fly og øydelegg miljøet og klimaet. Me fråtsar og veltar oss i luksus og rikdom. Alt dette kan me gjera berre fordi folk i andre land døyr av fattigdom, luksusen vår er avhengig av at andre er fattige. Den forureininga me som rikingar driv med, merkar andre enn oss sjølve på kroppen. Me er med på å halda oppe eit økonomisk verdssystem som er basert på at nokon må vera fattige for at andre skal kunna vera rike. Og gjerda og vaktene som dei rike i dei fattige landa vernar seg med har me også, gjerda er berre litt større. Dei er sette opp rundt Europa slik at dei fattige frå andre land ikkje skal få trenga seg inn og forsyna seg av luksusen vår.

For at me skal kunna halda ut å vera grunnen til at andre lid, må me gjera oss blinde. Her er det ulike framgangsmåtar: Lata vera å sjå nyheiter, tenka at alle kunne hatt det som oss dersom dei berre hadde vore litt flinkare til å arbeida, halda på trua om at mange er lukkelegare som fattige enn dersom dei hadde blitt rike. Og den vanlegaste (som eg sjølv bruker): Aktiv fortrenging. Leva kvardagslivet sitt som om det er det einaste moglege, og ikkje tenkja på verda rundt seg. Av og til hender det likevel at illusjonen brest, og at verda trengjer seg på såpass at kvardagen blir kvalmande, og no i førjulstida skjer dette oftare med meg enn elles. Sannsynlegvis fordi fråtseriet vårt no er på sitt høgaste, og det møter oss kor me snur oss. Vaksne tenåringar skal ha julekalender med dyre gåver kvar dag, me kjøper stadig fleire energikrevjande maskinar til heimane våre, me gir kvarandre tullegåver som ingen har bruk for og som miljøet må betala for både når dei blir laga og når dei blir kasta kort tid etter jul fordi dei går sund eller ikkje er brukande, og heile tida skal me eta store mengder feitt kjøt som treng masse vatn og menneskemat og medisinar og energi for å bli ala fram, og sjokolade som multinasjonale selskap utnyttar fattigfolk for å produsera; feitt og sjokolade som me seinare skal kjøpa endå fleire unyttige produkt for å kvitta oss med. Forbruket vårt i Noreg har auka med 67 % sidan 1990, og no, i desse førjulsvekene, seier overslaga at me kjem til å legga igjen 13,5 milliardar kroner i butikkar og kjøpesenter.

Den beste medisinen eg har funne mot denne førjulskvalmen, er å prøva og halda min eigen sti så rein eg kan: Kjøpa økologiske og rettferdige produkt der eg kan, unngå fly og bil så langt som råd, gi vekk opplevingar eller mat eller geiter til Afrika i staden for ting, skjera ned på kjøtforbruket, ha med eigen pose/handlenett i butikken, pålegga meg sjølv handleforbod og/eller handla brukt. Det hjelper nok meg meir enn dei fattige, men det er ein overlevingsstrategi eg treng for ikkje å bli heilt overmanna av maktesløyse. Og så prøver eg å hugsa at kvalmen er ein naturleg reaksjon på at noko er sjukt. Alt me gjer, gjer ein forskjell i verda. Det er berre spørsmål om kva den forskjellen skal vera.