Ola A. Hegdal
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjære kriminelle person.

Eg veit ikkje om du les heimesidene til Magasinett. Sannsynlegvis gjer du ikkje det. Men eg kjenner ikkje så mange skurkar personleg, så for å komme i kontakt med dykk, vel eg å gjere det på denne måten.

Det eg ville seie, er følgande:

Kva er de kriminelle driv på med, eigentleg?

Har de verkeleg ikkje noko likare å ta dykk til enn å rane og valdtaka folk?

Eg meiner, korleis kom du i det heile på tanken om å bli kriminell?

Eg håpar i det minste ikkje at forbrytar var førstevalet ditt. At du ikkje som fjortenåring sa til deg sjølv: Når eg blir stor, så vil eg bli forbrytar, og dersom den karrierevegen skulle bli stengd, vil eg gå for gymlærar eller sosiolog.

Synes du ikkje innimellom at det du driv på med både er idiotisk og latterleg, for ikke å seie direkte slemt?

Har du prøvd å vaske deg? I Kardemommeby vart røvarane gode samfunnsborgarar med ein gong dei hadde fått vaska av seg skiten bakom øyro og mellom tærne. Eg veit ikkje om den teorien fortsatt står ved lag, men det er vel verdt eit forsøk? I staden for å legge ut på tjuvetokt i kveld, kanskje skulle du prøve med eit langt og velgjerande karbad?

Eg har skjøna at kriminologane meiner at de kriminelle er ei svak gruppe som treng vern og omsorg. Eg tvilar på om ofra dykkar oppfattar det på den same måten.

Kva hadde du sjølv sagt om du ei natt hadde vakna opp av at det står ein tatovert eksfange, bælsterk av å pumpe jarn og knaske stereoidar, over senga di med eit balltre i hendene? Eg tvilar sterkt på at du hadde lagt hovudet på skakke og sagt ”Stakkars mann!” til han.

Det er ikkje de kriminelle, men ofra for kriminaliteten dykkar som er den svake gruppa. Det er vi vanlege typane som treng vern, vi som ikkje har erfaring med handvapen og ikkje kan felle ein okse med eitt slag. Vi som helst vil leve i fred, utan å måtte slåss for å halde på dei tinga vi har; vi som ikkje likar synet av blod, og spesielt ikkje av vårt eige.

Kan de ikkje finne på noko anna å halde på med? Veit du eigentlig kor mykje det kostar samfunnet? Trur du kanskje det er noko hyggeleg når ting, som du har kjøpt for pengar du har arbeidd hardt for, ting som du har bore opp alle trappene til heimen din og hatt der i mange år, plutseleg berre kjem vekk?

Er det spenninga? Lønsemda? Eller dei stimulerande samtalene gangsterar i mellom? Det kan ikkje være karrieren, ettersom de fleste yrkeskriminelle blir unge og ikkje ein gong spesielt tiltalande lik. Eller likar de rett og slett berre å vere slemme?

Såg du for mange filmar og tv-seriar da du var liten, og fann ut at det såg kult ut, at du ville vere ein Michael Corleone, ein Tony Soprano? Og oppdaga for seint at med hovudrolla i ditt eige show har du ikkje sjansen til å skrive manus, og heller ikkje til å redigere bort dei scenene du helst skulle ha vore forutan?

Lat meg gje deg eit lite, velmeint tips. Eit tips som passar godt til denne årstida, denne sesongen for påskekrim, påsketurar og for nye byrjingar:

Vend om i tide!
Det er ingen skam å snu.