Ola A. Hegdal
Publisert
Oppdatert 30.10.2017 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No finst det noko som heiter yrkesrettleiarar. Problemet er berre at desse folka heller ikkje veit kva du bør bli når du blir stor. Og som regel vil dei heller ikkje ta på seg eit så stort ansvar som det er å fortelje deg svaret på dette spørsmålet. For kva om dei tek feil?

Eg trur det sirkulerer vandrehistorier i yrkesrettleiarkrinsar; skrekkhistorier om sinte klientar som kjem attende etter tjue år for å hemne seg fordi dei har valt feil yrke.

Til dømes den om yrkesrettleiaren som hører lydar frå klesskapet sitt klokka tolv om natta. Han lister seg bort og opnar. Og ser eit vagt kjent fjes, ei hand med den store kjøkkenkniven heva til hogg. Dei siste orda han høyrer er: Hugsar du meg? Urmakar, sa du. Du sa eg skulle bli urmakar. Vel, eg hatar tikking!

Eg er ikkje i tvil om at det finst dyktige yrkesrettleiarar. Men dersom du er uheldig, får du berre ein lynkjapp analyse av korleis du ser ut:

Du har pene klede og høyrest ut som du kjem frå ein møblert heim, og da kan du bli advokat eller lege.

Medan du, som har stygge klede og snakkar litt breitt, passar bra til ekspeditør eller postbod.

Ein annan skummel variant er den imøtekomande:

Ja, kva har du lyst til å bli da? Da synest eg du skal gjere det. Vær så god, neste!

No er det naturlegvis nyttig å snakke med andre menneske. Vaksne, yrkesaktive folk vil utan tvil ha mange brukbare synspunkt på kva ein skal ta seg til her i verda. Du må berre vere obs på feilkjeldene, som det heiter i journalistikken. Dei fleste menneske vil nemleg gjerne at du skal bli mest mogleg som dei.

Eg anar ikkje korfor det er slik, eg veit berre at det er det. Kompisar er ofte opptatt av at du skal vere slik som dei. Foreldre ser helst at borna skal bu på den same plassen og gjere dei same tinga som dei har gjort.

Til og med dei dyktige læraren, som eigentleg vil at elevane skal nå så langt som råd er, til og med han kjenner kanskje eit lite stikk av irritasjon dersom barna vil bli noko som er ”finare” og betre betalt enn lærar.

Ein skal sjølvsagt høyre på folk som skryter av yrket sitt og vil ha deg til å gå den leia. Men strengt tatt er det meir tyngde i det dersom folk seier: ”Jobben min er ein skikkeleg møkkajobb som du må halde deg milevis unna!” Her snakkar vi om verkeleg nyttig informasjon! Det er berre svært sjeldan at nokon seier dette høgt, fordi det er omtrent som å innrømme at ein har eit dårleg liv.

Før var det slik at ein son bortimot automatisk overtok levevegen til far sin. Sjølv om den tida er forbi, er det nok enno mange som vel ein karriereveg som minner om den til foreldra i inntekt og sosial status. Dette er enkelt og mest praktisk for alle partar.

Likevel bør ikkje det stoppe born av til dømes bønder og arbeidarar å skaffe seg utdanning og gode, interessante jobbar. Dersom du har noko å kome med, veit du det som regel sjølv. Og da bør du ikkje late deg halde nede av at du kanskje er den første i slekta eller nabolaget som har gått den vegen!

Med fare for å skrive ned det sjølvsagte, her er tre retningsliner for kva for ei utdanning og kva for eit arbeid ein bør velje:

Du må like arbeidet ditt.
Du bør kunne meistre arbeidet ditt.
Du må kunne tene pengar på arbeidet ditt.

Desse tre setningane heng saman: For å tene pengar på arbeidet, må du kunne meistre det, og for å kunne meistre det, bør du like det. Og du klarer nok ikkje å like det dersom du ikkje meistrar det og ikkje tener pengar på det.

Elles bør ein følgje med på kva som er dei trendy yrka, og sjå på dei med ein viss porsjon skepsis. Alle kan ikkje og bør ikkje bli journalistar eller romanforfattarar, sjølv om enkelte godt kan bli det. Vel gjerne utradisjonelt, det er gjerne slike arbeidarar det blir mangel på. Og mangel betyr i denne samanhengen ein trygg jobb og gode lønsvilkår.

Lykke til!