Framtida
Publisert
Oppdatert 25.10.2017 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det første som kjem til meg, er Zinedine Zidane. Sjølvsagt. Den famøst håplause skallinga hans i VM-finalen. Det ville augeblikket. Vi veit enno ikkje kva Marco Materazzi, den italienske midtstopparen med klengjenamnet ’dyret’, sa for å provosere han. Det var noko med mor til Zinedine Zidane. Det var noko med søstera. Og dei blei sikkert ikkje omtalt i rosande ordelag. Men Zidane burde ikkje ha skalla. Sjølvsagt ikkje. Han burde følgt mantraet alle barn kjenner: ”Viss du ikkje bryr deg om dei som ertar, vil dei gå lei og slutte å erte deg.” Kort sagt: Han burde heva seg over det. Eller han burde sagt noko tilbake. (Forslag: ”Har du fiksa nokre fotballkampar sidan sist?”, ”Kor mange krigar har den italienske hæren vunne i det siste?” eller kanskje aller best: ”Har du klengjenamnet ditt etter ’dyret’ i muppetshow? I så fall er det ein viss likskap.”)

Zidane kunne gjort kva som helst, bortsett frå å skalle. Men det var no eingong det han gjorde. Og det er derfor vi hugsar det. Vi hugsar det fordi reaksjonen var så ute av proporsjonar. Vi hugsar også at han ikkje ville seie unnskyld etterpå.

Kva anna har festa seg frå sommaren 2006? Jo, eg kan framleis kalle fram surret frå armada med klegg som svinsa rundt meg under hytteturen på Nordmøre. Eg gjekk lange turar trillande på barnevogn (med myggnetting! ver sikker!) langs små grusvegar. Og kleggane var mine faste følgjesveinar. For nokre djevelske skapningar! Men samtidig – akk, så dumme og trege. Du kan kverke eit tjuetals kleggar med nokre raske klaps. Men dei går deg på nervane. Dei er der heile tida, akkurat som italienske midtbanespelarar.

Det kan i det heile verke som om insekta er blitt større og skumlare med åra. I alle fall viss ein skal tru avisene. Mygg, klegg og flått erobrar førstesidene som aldri før. Ei gjennomsnitts overskrift frå ei tilfeldig valt tabloidavis i år kan vere: ”Monsterflått-invasjon på Sørlandet”, ”Slik vel du det beste lånet – og den beste myggstiften!” eller ”Mordar-myggen Magne meidde ned Bongo frå Kongo”.

Flåttbitt kan vere skummelt nok. Det er ikkje dèt. Men igjen er det noko med proporsjonar.

For dessverre: Det mest tragiske som sit igjen frå sommaren 2006, er sjølvsagt krigen i Midt-Austen. Her er det bileta frå TV-skjermen som har brent seg fast. Byar bomba i ruiner. Døde og skadde menneske. Politikarar i dress og slips som hastar frå møte til møte. Den brutale logikken i denne – som i alle krigar – er at det er sivilbefolkninga som lir. Og det alle vi som står utanfor denne konflikten spør oss, er:

Kvifor? Kvifor er dei så sinte? Kvifor blir dei aldri einige? Kvifor denne valden, denne ufattelege våpenbruken mot sivile? Kvifor kan ikkje menneska bu side ved side utan at dei drep kvarandre?

Konflikten mellom Israel og palestinarane er sjølvsagt svært samansett og vanskeleg. Men alle konfliktar botnar til sjuande og sist ofte i eigarinteresser. Ein kan kjenne igjen desse mekanismane alt frå barnets ”min! min!” om ei leike. Ei folkegruppe seier gjerne det same om landområde og/eller religionar: ”Det er VÅRT land!”, ”VÅR Gud er den rette!”, ”Det er VI – og ikkje dykk – som har den rette sanninga.”

Det finst ein film som godt får fram korleis eigarinteresser får det verste fram i mennesket, nemleg irske The Field (Jordstykket) frå 1990. Den blei regissert av Jim Sheridan, og byr på Richard Harris i ei fantastisk rolle som bonden ”Bull” McCabe (denne tolkinga gav Harris ei Oscar-nominasjon for beste hovudrolle).

Handlinga er i korte trekk denne: Familien til Bull McCabe har drive jordbruk på eit jordstykke i generasjonar. Så bestemmer enka til jordeigaren seg for å selje dette jordstykket i open auksjon. McCabe veit at HAN må eige det. Og ikkje minst: Han meiner han har den MORALSKE retten til å eige det. Alt ser først ut til å gå vegen. Ingen i lokalsamfunnet tør å by imot den sterke bonden. Men så kjem ein nyrik amerikanar på banen. Han seier at han treng åkeren for å byggje ein motorveg gjennom området. Bull og sonen går etter kvart langt i å hindre amerikanaren. Utan å røpe den vidare handlinga altfor mykje, kan lesaren vel ane at utfallet blir stygt.

Denne filmen burde vore pensum for alle verdas presidentar, kongar og generalar – og for alle dei involverte partane i Midt-Austen-konflikten. Det The Field viser så godt, er kor ekstreme kjensler som er knytte til eigarskap, sjølv ein liten jordlapp. Og den viser kor langt folk er villige til å gå for å forsvare sine eigarinteresser. (Legg merke til at absolutt alle partar i ein krig – både den som angrip og den som blir angripe – alltid vil seie at dei forsvarer seg og sine interesser. Det er aldri nokon som vil innrømme at dei angrip.) Samtidig viser filmen også kor ute av proporsjonar enkeltmennesket kan handle.

Det er i slike situasjonar at somme dessverre skallar. Og dei seier sjeldan unnskyld etterpå.