Eg innrømmer at eg humra litt over reaksjonane frå muslimar på karikaturteikningane av Muhammed. Alt dette maset, dette er respektlaust og dette er heilagt, det høyrdest uendeleg gammaldags ut. Hadde desse menneska enno ikkje kome seg ut av middelalderen?

Ola A. Hegdal
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 17:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg følte meg som eit vidsynt, moderne menneske, iallfall heilt til eg såg tv-bileta av væpna muslimar som brende og trakka på det norske flagget. Borte var den vidsynte toleransen, og det tok litt tid før den melde seg igjen.

Sinnet mitt var ei klår påminning. Eg var ikkje meir moderne enn at eg reagerte sterkt på håninga av symbola våre, omtrent som desse palestinarane hadde reagert på hånen mot symbola deira. Eg måtte innrømme at flaggbrenning og var ein måte å nytte ytringsfridomen på, rett nok ein uvanleg stupid og fornærmande måte, men ikkje så mykje meir stupid og fornærmande enn trykkinga av Muhammed-teikningane. Flaggbrenninga var trass i alt ein sint reaksjon på noko, på ein konkret annan ”ytring”. Muhammed-teikningane hadde i hovudsak provokasjon som einaste innhald.

Problemet med desse bileta vi ser på tv er sjølvsagt at dei innbyr til generalisering. Eg tilhører ikkje dei som meiner at det er alltid feil å generalisere (ei av dei grovaste generaliseringane ein kan tenkje seg!). Å slutte å generalisere er det same som å slutte å tenkje. Vi må berre passe oss for enkle og feilaktige generaliseringar, av den typen tv-ruta innbyr til.

Dette var den fella flaggbrennarane gjekk i. Dei hadde sett på arabiske tv-kanalar at nokre skandinavar hadde laga teikningar av profeten Muhammed. Dermed trekte dei den slutninga at alle skandinavar enten sat og teikna eller sat og godta seg over karikaturar av Muhammed, og at det difor var ein god ide å hemne seg på alle som ein. Når Carl I. Hagen så krev stopp i støtta til Palestina på grunnlag av flaggbrenning og truslar frå nokre få, gjentek han det same mistaket: Alle får svi for eit mistak nokre få har gjort.

Forbod mot bilete er elles ikkje noko særskilt for islam, det finn vi igjen i både kristendom og jødedom. Dei ti boda dei kristne følgjer i dag er den reviderte utgåva, tilpassa den visuelle, vesterlandske kulturen. Originalforma av det andre bodet frå Det gamle testamentet er ikkje til å misforstå:

Du skal ikkje lage deg noko gudebilete, eller noko slags bilete av det som er oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda. Du skal ikkje tilbe dei og ikkje dyrke dei!

Dette noko merkelege forbodet blir straks meir forståeleg når vi tenkjer på den utbreidde avgudsdyrkinga som gjekk føre seg på denne tida. Forbodet mot bilete var rett og slett eit forsøk frå Jahve på å kvitte seg med ugreie konkurrentar. Vi hugsar frå bibeltimane korleis israelittane gav seg til å danse rundt gullkalven med ein gong Moses snudde ryggen til.

No for tida finst det ikkje lenger avgudsbilete eller gullkalvar å konkurrere med. Til gjengjeld har vi tv. Som ein slags både lokal og global avgud står den der i stua vår og krev at vi skal tru på det han viser oss om verda. Det hadde kanskje vori betre om Muhammed hadde åtvara tilhengarane sine mot å sjå for mykje på bileta på tv, og iallfall mot å tru fast og fullt dei. Men det er kanskje litt for mykje forlangt, sjølv av ein profet?