Framtida
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste av oss her i landet treng ikkje gå mange generasjonane tilbake i tid før me finn gardbrukarar i slekta. For min del må eg vanlegvis gå til oldeforeldra mine for å finna bondeblodet, men når det er vår kjenner eg meg som ei odelsjente sjølv. Trongen til å putta frø i jorda, lysta til å planlegga avlinga til hausten og ikkje minst lengten etter lukta av svart, fuktig mold, alt dette kjem over meg saman med vårsola.

Gjennom heile studietida då odelsgarden avgrensa seg til fire smale glaskarmar på hybelen, var avlingane ganske små, det skal seiast. Det blei stort sett berre nokre paprikafrukter, fordi dei er lette å få til å gro og ikkje krev meir plass enn ei vanleg potteplante; karse, fordi ein kan så den på ein eggekartong eller litt bomull; og grøne spirer frå kvitlauksfedd putta ned i ei potte med litt jord. Om avlingane var små, var såinga desto større. Ikkje mange frø og kjernar fann vegen til bosset utan iallfall først å ha passert nokre utålmodige veker i ei blomsterpotte. Så eg kan seia frå personleg røynsle at avokado kan spira, om du er heldig. Planta blir fin, men tåler ikkje vinteren i ein trekkfull glaskarm. Papaya, melon, appelsin og drue kan du òg få fine planter av, men ikkje vent deg for mykje frukt når hausten kjem …

Ettersom vaksenlivet har snike seg innpå meg, har glaskarmane blitt fleire og breiare. Somme plasser eg har budd har eg til og med hatt balkongkasse eller plass på taket eller utanfor til botaniske eksperiment. Eg har såleis lassevis med røynsle med kva som ikkje kan dyrkast under slike forhold, og noko røynsle med kva som faktisk gir resultat. Generelt sett er det nok bra at landet ikkje er avhengig av meg for å vera sjølvforsynt med mat, så mykje kan eg vel seia.

No har eg fått meg hage, og kjenner meg dermed som nærast fullblods gardbrukar. For andre med mykje plass og få hemningar kan eg dela ut eit par gode råd: Frø er mykje mindre enn planter. Det vil seia at dei tjue agurkfrøa du fornøgd puttar i små torvbrikettar tidleg på våren raskt blir til tjue STORE planter som krev store potter og mykje vatning. Her må ein satsa på gode venner med betre plass enn ein sjølv. Det er også lurt å merka brikettane med kva frø du har putta i dei, så du slepp å gi beskjed til alle du trudde du hadde gitt tomatplanter til at dei faktisk har fått ein tidlegblomstrande staude i staden. Og om du sår gulrøter i mjølkekartongar kan det henda du får kommentarar frå venner med høgare krav til design og heimeinnreiing, særleg om du ikkje har vaska jorda frå utsida av kartongane før du brukar dei til pynt i stova.

Alt dette er berre detaljar for ein ivrig amatørbonde. Det vesentlege med våren er det fantastiske at eit lite frø som du puttar i jorda faktisk blir til ei plante! Eg rår alle til å stikka fingeren, frøet og eventuelt lauken i jorda, og gleda seg over at naturen får det mirakuløse til å verka så enkelt. Dermed får du også kontakt med røtene, både dine eigne bonderøter og plantene sine meir handfaste.