Høgrepopulistane går til venstre

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiaren for New Zealand First, eit høgreekstremt populistparti, lovar å setje nyzealandarar først framover, og avgjorde at dei vil støtte ei ny venstreregjering i staden for å oppretthalde makta til det konservative høgrepartiet National Party som har styrt åleine i ti år, etter ei kort stund i tenkeboksen.

– Alt for mange nyzealandarar har kome til å sjå kapitalismen i dag som ein fiende, ikkje som ein ven, sa Peters, som høgst sannsynleg blir visestatsminister i den nye regjeringa.

– Vi hadde valet om eit noko modifisert status quo, eller for endring.

Jacinda Ardern, ny statsminister for Labour Party på New Zealand. Foto: Wikimedia.

New Zealand vil difor få sin yngste statsminister nokongong når 37 år gamle Jacinda Ardern, leiaren for det new zealandske arbeidarpartiet Labour Party, tek over. National Party fekk mest stemmer, 44 prosent mot Labour sine 37, men Ardern fekk støtte frå dei to småpartia, Greens og altså New Zealand First.

Det er venta at den nye regjeringa vil klart redusere innvandringa til landet samt gjere det vanskelegare å kjøpe land og bustadar for utlendingar. Det viktigaste valløftet for Labour i valkampen var å skaffe billige bustadar for alle, og titusenvis av nye bustadar skal no byggjast. Den nye regjeringa vil òg jobba for å endre fleire viktige handelsavtalar og endre skulepolitikken.

Ardern vart leiar i partiet rett før valkampen, 1.august.

 

 

 

 

Kjelder:Reuters, NZ Herald.