Høyreekstreme miljø går bort frå det gamle rasistiske og nynazistiske tankegodset. Men er det noko meir enn innpakninga som er annleis?

Studvest/Anders Sætra
Studvest/Anders Sætra

Korleis vil du definere ekstremisme?

– For meg har ekstremisme med haldningar til bruk av vald for å oppnå politiske mål å gjere. Skiljet mellom å ha ei radikal og ei ekstrem meining skiljast av det eg vil kalle for voldsterskelen. Dersom ein er villig til å bruke vald for å oppnå det ein vil politisk, så har ein med ekstremisme å gjere.

Kor vanleg er dette i vestlege land?

– Dei ekstreme gruppene og aktivitetane deira er vanskeleg å telje, men dei gjer seg klårt gjeldande i land som Storbritannia og Tyskland, for å nemne nokre. Desse miljøa står attom 20 drap kvart år i Vest-Europa, i gjennomsnitt. Dette er eit stort tal. Desse drapa er politisk eller rasistisk motivert, men det er sjeldan snakk om tradisjonelle terroraksjonar. I tillegg til rasistiske drap, kan det vere gatevald, drap på uteliggjarar, eller andre tilfelle der ein ikkje alltid ser den politiske samanhengen.

Trur du det er store mørketal?

– I Tyskland var det eit par aviser som gjekk gjennom dei offisielle tala og freista å finne ut kva dei verkelege tala var. Dei fann ut at omtrent tre gonger så mange drap hadde samband med høgreekstreme miljø som det dei offisielle tallene synte. Media har naturlegvis ikkje dei same krava til å vurdere bevis som ein domstol, men i Europols rapport er det klart at det er underrapportert.

Det har vore nemnd at einskilde høgreekstreme grupper har endra ideologien noko for å fremstå meir «etande». Korleis gjev dette seg utslag?

– Nokre har delvis fornya ideologien, blant anna English Defence League. Dei har ikkje den same nynazistiske profilen som dei hadde tidlegare. Dei er mindre oppteke av rase og meir oppteke av kultur og religion. Det handlar om verdikamp, kristendom mot islam. Dei er mot jihadister, sharia og militant islam.

 Kva veg går utviklinga?

– Rapportar hevdar at desse miljøa veks ganske raskt. Eg er ikkje like sikker, dette er vanskeleg å dokumentere. Om dei ekstreme gruppene er på frammarsj? Kanskje i den forstanden at dei har klart å skaffe seg ny innpakning og ein ny uttrykksform, slik som English Defence League. Men dette er subkulturar som har eksistert i fleire tiår i land som Sverige, Tyskland, Frankrike og Spania. I Tyskland viser statistikken at det er ein nedgang i politisk vald. Det er forholdsvis få drap, og mykje av aktiviteten består i at venstre- og høyreekstreme grupper møtst for å konfrontere kvarandre.

I kva grad er høgreekstremisme tilstades i Noreg?

– Dei klassiske nynazistiske miljøa har tidlegare vore veldig synlege, men eg vil seie at vi har hatt suksess med å kontrollere akkurat dei miljøa. Det har vore forsøk på å etablere ein norsk variant av English Defence League, men der vellykka det har vore, kan diskuterast. Det er ein lang veg frå å trykkje «like» på Facebook til å betale kontingent, stille til organisasjonsaktivitet, og i ytste konsekvensen utøvd vald.

Korleis er klimaet i nettdebatten etter 22. juli?

– Det er ei slags todeling. Nokre av desse miljøa freistar å moderere seg, og viser tydeleg avstand. Andre miljø seier dei deler same oppfatning som Behring Breivik på einskilde punkt, samstundes som dei tek avstand frå vald som verkemiddel. I kommentarfelt der det er mogleg å vere heilt anonym, finst òg dei som støttar vald.

Er det nokon grunn til å tru at det ein ser i nettdebatten samsvarar med røyndomen?

– Det er ein del av røyndomen, det òg. Terskelen for å ytre seg anonymt på nett er mykje lågare enn viss ein skal stå for meiningane sine offentleg. Når eg les kommentarfelter på nettaviser og bløggar, ser eg at det er førestellingar som blir delt av ganske mange. Men igjen, det er eit langt steg å ta til sjølv å utøve vald. Desse konspiratoriske førestellingane om islam og innvandring verkar likevel ganske utbreitt.

Kva for ein veg går utviklinga i Noreg?

– Eg trur ikkje det blir lettare for desse miljøa å eksistere framover. Kanskje ser vi moderering og splitting som følgje av den pågåande rettssaka. Når desse gruppene har gjennomført valdsaksjonar i Noreg tidlegare, har dei rett og slett forsvunne. Dei har ikkje tolt reaksjonane. Det er eit stort press på dei høgreekstreme miljøa i Noreg om å moderere seg, og vise at dei står på den ikkje-valdelege sida.

Les saka i Studvest!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE