Kler du på deg eit indianarkostyme så kler du samtidig på deg ein stereotypi

Lone Lunemann Jørgensen er masterstudent i retorikk ved Universitetet i Oslo. Foto: Privat

Lone Lunemann Jørgensen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Nei, Siv Jensen i Pocahontas-kostyme handlar ikkje om deg og kva du gjekk med på karneval for 20 år sidan. Det handlar ikkje om at du får retten din til å kle deg ut som kva du vil. Det handlar ikkje om deg i det heile tatt, faktisk.

Lone Lunemann Jørgensen er masterstudent i retorikk ved Universitetet i Oslo. Foto: Privat

Lone Lunemann Jørgensen er masterstudent i retorikk ved Universitetet i Oslo. Foto: Gunnbjörg Gunnarsdóttir

Det handlar om at urfolk og andre minoritetar over heile verda alltid har blitt trakka på av storsamfunnet. At det å vere indianar, jøde eller same har betydd det same: Du er ikkje god nok. Du skal bli kvit nok og norsk nok. Ungane dine får ikkje lære språket sitt i skulen. Det du trur på og sånn som du går kledd er ikkje bra nok. Du har ikkje adgang til riket. Du blir putta i reservat eller på internatskule eller i konsentrasjonsleir. Det handlar om det same: Du er ikkje god nok for oss.

Det er heller ikkje våre røtter som blir trakka på

Så at folk seier ifrå om at hei, det fremste symbolet på min kultur og min identitet er det faktisk ikkje greitt at du brukar som kostyme, det må vi faktisk leve med. For kler du på deg eit indianarkostyme eller ei karnevalskofte så kler du samtidig på deg ein stereotypi. Korleis «er» ein indianar? Korleis oppførar ein same seg? Eller ein jøde? (Kvifor vil du ikkje kle deg ut som jøde, forresten?)

Nei, det handlar ikkje om deg og meg og vår rett til å vitse med dei som alltid har blitt behandla som drit av staten og majoriteten. Og nei, det er ikkje det samme som for ein amerikanar å kle seg ut i bunad. Ingen har nokon gong blitt nekta å gå i bunad. Ingen har nokon gong nekta deg å vere norsk.

Ingen snakkar om forbod. Og vi kan godt seie dette er ei lita sak, men det er heller ikkje våre røtter som blir trakka på. Det er lov å bruke både hovudet og hjartet og ha litt respekt.

Her er indianarkostymet som Siv Jensen får kritikk for:

Høstfest i Finansdepartementet ?

Et innlegg delt av Siv Jensen (@sivjensen)